• Bedrift
    Kvam kommune
  • Søknadsfrist
    14.08.2022
  • Stillingsfunksjon:
    Rådgiver
  • Stillingstype:
    Heltid
  • Bransje:
    Offentlig forvaltning¤Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav:
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring:
    Påkrevet
  • Ønsket Språk:
    Norsk, Engelsk
  • Adresse:
    5600, NORHEIMSUND
    KVAM
    Norge
  • Antall stillinger:
    1
  • karriere-kode:
    4713555
  • Se her for andre jobber fra Kvam kommune

Spørsmål rettes til

Anne Vestrheim
tlf: 56553034

Ledig stilling

Kvam kommune

Informasjonsrådgjevar

Offentlig forvaltning¤Kommuneadministrasjon

Kvam herad søkjer etter ein engasjert og strategisk informasjonsrådgjevar med interesse for lokalpolitikk, samfunn og kommunal tenesteproduksjon.

Informasjonsrådgjevaren vil jobbe tett med ordførar, rådmannen, rådmannen si leiargruppa og fellessekretariatet for å sikre god intern og ekstern informasjon i kommunen.

Er du rette personen for stillinga, har du evne til å sjå og utnytta ulike former for kommunikasjon, forstår media og det politiske landskapet og har evne til å gjera kompliserte bodskap enkle og forståelege.

 

Arbeidsoppgåver

  • Ansvar for å koordinera kommunen sitt kommunikasjonsarbeid, både strategisk og operativt
  • Oppfølging og vidareutvikling av Kvam herad sin kommunikasjonsstrategi
  • Vidareutvikla interne og eksterne kommunikasjonsplattformar
  • Redaksjonelt arbeid/innhaldsproduksjon på nettsider, intranett og sosiale media
  • Kommunikasjonsfagleg rådgjeving, trening og rettleiing
  • Ansvar for kommunen si handtering av informasjon og kommunikasjon under kriser
  • Oppfølging og arbeid med kommunen sin språkprofil og "Klart språk"

Kvalifikasjonar

  • Me søkjer deg som har høgare utdanning og erfaring innan kommunikasjonsfaget og mediehandtering
  • Det er ein fordel om du og har kjennskap til informasjonsarbeid under kriser
  • Har god innsikt i det digitale medielandskapet og kan sosiale media
  • Har interesse/kunnskap om digitale løysingar, og har kjennskap til aktuell programvare innan bilete-/videoredigering, design og layout
  • God munnleg og skriftleg formuleringsevne, både på nynorsk, bokmål og engelsk

Personlege eigenskapar

  • Me søkjer deg som er serviceinnstilt og engasjert
  • Kreativ, løysingsorientert og strategisk
  • Møter andre på ein respektfull og open måte
  • Skapar tillit og viser høg etisk standard
  • Samarbeidsvillig, tek ansvar, men som og kan arbeida sjølvstendig
  • Er endringsvillig og ønskjer kontinuerleg forbetring i arbeidet

Vi tilbyr

  • Ein sentral rolle i kommunen sin organisasjon, med spanande og utfordrande arbeidsoppgåver i ein kommune med engasjerte innbyggjarar og tilsette
  • Gode fagmiljø innan eit breitt mangfald av fagområde
  • Høve til fagleg og personleg utvikling
  • Løn etter avtale
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar

Generell informasjon:

Den kommunale organisasjonen skal i størst mogleg grad spegla mangfaldet i befolkinga. Målet er difor å oppnå ei balansert samansetjing når det gjeld alder, kjønn og kulturell bakgrunn. Kvam herad ønskjer å inkludera og leggja til rette for personar med nedsett funksjonsevne.I Kvam herad er det offisielle styringsmålet nynorsk. Alle tilsette i alle kommunale organ pliktar å nytta nynorsk skriftspråk i tenesta. Me gjer merksam på at etter offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teke til følgje, vert søkjaren varsla om dette.  


 

  • Bedrift
    Kvam kommune
  • Søknadsfrist
    14.08.2022
  • Stillingsfunksjon:
    Rådgiver
  • Stillingstype:
    Heltid
  • Bransje:
    Offentlig forvaltning¤Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav:
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring:
    Påkrevet
  • Ønsket Språk:
    Norsk, Engelsk
  • Adresse:
    5600, NORHEIMSUND
    KVAM
    Norge
  • Antall stillinger:
    1
  • karriere-kode:
    4713555
  • Se her for andre jobber fra Kvam kommune

Spørsmål rettes til

Anne Vestrheim
tlf: 56553034