Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Sunnfjord kommune

IKT-medarbeidar

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

IKT- samarbeidet for 8 kommunar i Sunnfjord og Sogn - SySIKT, er med sine 20 tilsette blant dei største og leiande IKT- miljøa i Sogn og Fjordane. Samarbeidet har som overordna visjon å utnytte moderne informasjons- og kommunikasjonsteknologi til å skape kvalitativt gode tenester til innbyggjarar og næringsliv, samt ei tilgjengeleg og effektiv forvaltning.

SYSIKT har ansvar for felles datasenter, nettverks-infrastruktur og leverer teknisk driftsstøtte.  Kommunane samarbeider om løysingar for oppvekst, helse og administrasjon. Stillinga inneber operativ IKT drift, praktisk og strategisk arbeid knytt til planlegging og gjennomføring av endringar, oppgraderingar og vidareutvikling av IKT løysinga.

Vi søker etter: 
  • IKT-medarbeidar i 100 % fast stilling
Som IKT-medarbeidar skal du ivareta eit eller fleire IKT-områder:
  • nettverksteknologi (LAN/WAN, WLAN)
  • microsoft-teknologi generelt (AD/Azure, M365, Intune, SCCM)
  • klientarkitektur
  • helpdesk/Teknisk driftsstøtte
  • Sikkerhet – gjerne god kunnskap om GDPR
Vi ønsker at du har:
  • relevant bakgrunn innan IKT
  • god generell teknologiforståing
  • gode samarbeidsevner
  • god skriftlig og munnlig framstillingsevne. Språk Norsk.
  • førarkort kl. B

Erfaring frå drift er ein fordel. 

Vi kan tilby:
  • godt arbeidsmiljø.
  • gode pensjon og forsikringsordningar
  • gode vilkår for utvikling og kompetanseheving

Kontorstad er Førde eller Gaupne.

Velkomen som søkar. Vi ser fram til å høyre frå deg!