Företag
Framtidsfylket ASAnsökningstiden
01.03.2026Heltid/Deltid
HeltidAnställningsform
TraineeBransch
Bemanning og rekrutteringUtbildningskrav
PåkrevetArbetserfsrenhet
Ikke påkrevetAdress
6963, DALE I SUNNFJORD
FJALER
NorgeAntal befattningar
1Karriere-kod
6518414Se här för andra jobb från Framtidsfylket AS
Framtidsfylket AS
Vil du starte ingeniørkarrieren med å revolusjonere vasskraft?
Hywer søker trainee: MaskiningeniørBemanning og rekruttering
I Hywer vil du fort oppdage at ingen prosjekt er like. Med ei unik breidde i prosjekt og kompetanse er vi involverte i alle fasar av bygginga av eit vasskraftverk. Vi torer å tenke utanfor boksen og er alltid på jakt etter dei beste løysingane, både for kundane våre og naturen rundt oss. Det gir rom for å vere kreativ og tenke nytt når du jobbar i Hywer. No ser vi etter ein trainee som vil jobbe med prosjekt innan fornybar energi og vere med og utvikle vasskraftprosjekt frå idé til ferdig anlegg. Hos oss blir du del av eit fagleg sterkt og inkluderande miljø, der du får jobbe tett på erfarne kollegaer og lære mykje – fort.
"Det beste med å jobbe i Hywer er at du jobbar med så forskjellige folk med ulik bakgrunn og kompetanse, samtidig som du jobbar tverrfagleg med komplette prosjekt. Du lærer ekstremt mykje av både folka og prosjekta." Bjarte Seim, Avdelingsleiar i Hywer
Kvifor starte karrieren hos Hywer?
Hos oss får du innsyn i alle fasar av bygginga av eit vasskraftverk og arbeide med prosjekt som bidreg til fornybar energiproduksjon. Du vil garantert bli utfordra og ha ei bratt læringskurve, samtidig som du har dyktige og erfarne kollegaer rundt deg. Som trainee vil du få ein trygg start på ingeniørkarrieren med tett fagleg oppfølging.
Arbeidsmiljøet er prega av at vi har alle typar menneske i staben: ingeniørar, fagarbeidarar, leiarar og seljarar, bilinteresserte, kulturinteresserte og sportsinteresserte, dei som pratar mykje og dei som pratar lite. Her kan alle finne sin plass. Sjølv om vi har ulike arbeidsoppgåver og nokon jobbar på kontor, medan andre er på anlegg, samlast vi til lunsj når vi kan. Lunsjen er eit viktig og triveleg samlingspunkt i Hywer. For å sikre godt samarbeid med dei ulike avdelingane i selskapet, reiser vi på tur fleire gongar i året for å bli betre kjende. Og om du blir del av Hywer sitt eige bedriftsidrettslag, ventar toppturar, kajakkurs, klatring og anna moro for deg som likar å vere aktiv.
«Det er kjekt å jobbe i Hywer. Her har vi dyktige kollegaer, fleksible arbeidskvardagar og gode moglegheiter for fagleg utvikling. Det er både spennande og framtidsretta å jobbe med fornybar energi, og vi er ein framoverlent gjeng som alltid søker (innovative) løysingar for å kunne realisere nye prosjekt.» - Per Gunnar Alseth, Ingeniør, Sal og Leveranse
Arbeidsstaden din vil vere ved hovudkontoret vårt i Dale i Sunnfjord – kanskje Norges flottaste kontor? Her vil du jobbe i moderne, lyse og opne lokale med store vindauge mot fjord og fjell. Les gjerne meir om eit rikt kultur- og friluftsliv i Fjaler på Sunnfjord.no
Kva går traineestillinga ut på?
Du vil jobbe i tverrfaglege team, saman med prosjektleiarar, prosjekteringsleiarar og andre fagressursar, og få god oppfølging og rettleiing undervegs. Som maskiningeniør-trainee vil du jobbe med gjennomføring av vasskraftprosjekt, der hovudfokuset er:
- Teknisk prosjektering av vasskraftløysingar
- Planlegging og oppfølging av aktivitetar i prosjekt
- Fagleg støtte gjennom heile prosjektets livsløp – frå forprosjekt til idriftsetjing
- Utarbeiding av tekniske berekningar, teikningar og modellar
- Bidrag til teknisk kvalitet, framdrift og gode løysingar i prosjekta
Kven ser vi etter?
Vi ser etter deg som er nyutdanna maskiningeniør (bachelor eller master), og som er nysgjerrig på vasskraft, energi og prosjektarbeid. Er du engasjert og komfortabel med å utfordre etablerte måtar å jobbe på, vil du passe godt inn hos oss. Godt samarbeid er noko vi set høgt i Hywer. Vi håpar du:
- Har utdanning innan maskinfag eller tilsvarande
- Er motivert for å lære og utvikle deg fagleg
- Trivst med både sjølvstendig arbeid og samarbeid i team
- Er strukturert, løysingsorientert og teknisk interessert
- Kommuniserer godt på norsk og engelsk, munnleg og skriftleg
- Erfaring frå prosjektering eller relevante verktøy (som 3D-modellering, berekningar eller tekniske teikningar) er ein fordel – men ikkje eit krav i ei traineestilling.
Har du spørsmål om stillinga, kan du ta kontakt med Bjarte Grytli Seim, Avdelingsleiar prosjektering
📞 45 40 17 18
Felles krav til alle som søker stilling som Framtidsfylket-trainee:
- Minimum bachelor, master eller fagskuleutdanning
- Maksimalt tre års arbeidserfaring etter studium
- Du må forstå og kommunisere på norsk. Sjå elles arbeidsgjevar sine krav for språkkunnskap.
Du vil jobbe som trainee hos oss i eitt år – frå august til august.
OM HYWER
Hywer er ein leiande leverandør av løysingar innan vasskraft, og leverer alt frå enkeltkomponentar til komplette vasskraftanlegg. Vi har erfaring frå nær 90 kraftverk og over 600 vasskraftprosjekt, og jobbar i heile verdikjeda – frå design og prosjektering til bygging og idriftsetjing. Vi er i dag rundt 45 tilsette, med hovudkontor i Dale i Sunnfjord, og er eit heileigd dotterselskap i Saint-Gobain-konsernet. Her kombinerer vi tryggleiken frå eit stort konsern med raske avgjerder og stor påverknad i kvardagen.
Företag
Framtidsfylket ASAnsökningstiden
01.03.2026Heltid/Deltid
HeltidAnställningsform
TraineeBransch
Bemanning og rekrutteringUtbildningskrav
PåkrevetArbetserfsrenhet
Ikke påkrevetAdress
6963, DALE I SUNNFJORD
FJALER
NorgeAntal befattningar
1Karriere-kod
6518414Se här för andra jobb från Framtidsfylket AS