• Bedrift
    Ål Kommune
  • Søknadsfrist
    04.03.2024
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Offentlig forvaltning
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    3570, ÅL
    ÅL
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    5566881
  • Se her for andre jobber fra Ål Kommune
  • Oppdatert 02.03.2024
Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Ål Kommune

Hovudutlysing - barnehagelærarar - barnehagane i Ål

Offentlig forvaltning

Avdelingane i oppvekstsektoren har fokus på leik og leikbasert læring, praksisnær læring, styrkebasert tankesett, inkluderande praksis og spesialundervisning, og gode rutinar for tverrfagleg samarbeid.

«Betre læring» er den lokale oppvekstplanen, og visjonen er at «alle som veks opp i Ål skal bli rotfaste og flygedyktige». Tett og tidleg på og auka læringsutbytte er sentrale mål. Barn og unge i Ål skal oppleve at teknologien blir brukt på ein sunn, trygg og kreativ måte for å lære, skape og utforske.  Overgangar er eit område kommunen har arbeidd lenge med for å få til å flyte godt.

Vi har fleire faste og mellombelse stillingar, med spennande faglege satsingar som friluftsbarnehage og samarbeid rundt skulestart. Som barnehagelærar blir du med i pedagog-teamet vårt, med oppgåver som gjennomføring av det pedagogiske arbeidet på di avdeling, dessutan ansvar for kontakt med føresette.  Men først og fremst må du like å vera  saman med barn, og klar for å leike saman med dei som ein fagprofesjonell.  Nokre av stillingane inneber ansvar som pedagogisk leiar.

Kvalifikasjonar

  • utdanning som barnehagelærar eller anna relevant godkjent utdanning
  • ønskeleg med kompetanse innanfor spesialpedagogikk
  • dersom vi ikkje får søkjarar med barnehagelærarutdanning eller anna relevant utdanning, kan andre søkjarar med barnefagleg bakgrunn eller friluftsutdanning vera aktuelle

Personlege eigenskapar

Det blir lagt vekt på personlege eigenskapar. Vi ønskjer deg som søkjar som:

  • brenn for barnehageyrket og det beste for barna
  • er ein leikande og profesjonell vaksen
  • har gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
  • likar å vere ute i all slags vêr, året rundt
  • er løysingsorientert, fleksibel og lojal
  • har evne til å skape engasjement og styrke utvikling hos barna
  • kan uttrykke seg godt på norsk, både skriftleg og munnleg

Ål kommune nyttar nynorsk som målform.

Vi tilbyr

  • barnehagar med sterke utviklande og faglege miljø
  • engasjerte tilsette
  • stabil personalgruppe
  • kompetanseheving felles for barnehagane i Ål kommune
  • stillingsprosent ut frå ønske/behov
  • pensjonsordning KLP
  • hjelp til å finne bustad
  • lønn etter gjeldande tariffavtale
  • arbeidsforholdet er regulert av Hovudtariffavtala

Søknad og politiattest

  • vitnemål og attestar legg du inn saman med søknaden
  • den som vert tilsett må legge fram politiattest ikkje eldre enn tre månadar
  • intervju og tilsetjing kan skje fortløpande i søknadsperioden
  • kommunen følgjer offentleglova § 25 ved eventuell offentleggjering av søkjarlista

Velkomen som søkjar!

 

  • Bedrift
    Ål Kommune
  • Søknadsfrist
    04.03.2024
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Offentlig forvaltning
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    3570, ÅL
    ÅL
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    5566881
  • Se her for andre jobber fra Ål Kommune
  • Oppdatert 02.03.2024