Company
Gulen kommuneApplication deadline
18.06.2022Industry
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonEducational qualification
PåkrevetWork experience
ØnskeligAddress
5966, EIVINDVIK
GULEN
NorwayNumber of positions
1Career-kode
4600696Look here for other jobs from Gulen kommune
- Updated 04.05.2022
Expired ad
The application deadline for this job opportunity has passed.
Gulen kommune
Høgskuleutdanna med vidareutdanning innan psykisk helse og/eller rus
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Gulen kommune, med sine rundt 2300 innbyggjarar, ligg vakkert til ved innløpet til Sognefjorden. Kommunen består av både fjell og kystlandskap, med 1500 øyer, holmar og skjær, som innbyr til eit aktivt friluftsliv både på land og ved sjøen. Kommunen har ledig barnehageplass, og eit godt oppvekstmiljø for barn og unge.
Gulen kommune har ledig 100% vikarstilling innan psykisk helse og rus, frå august 2022. Varigheit om lag 8 månadar, med mogleg forlenging.
Psykisk helse og rustenesta har 4,1 stillingar fordelt på 7 tilsette. Arbeidsområdet er heile kommunen med kontorstad i Eivindvik. Den som blir tilsett vil få ein variert arbeidskvardag med gode kollegaer. Vi har fokus på at fysisk aktivitet er bra for den psykiske helsa og ynskjer at aktivitet kan vere ein del av tilbodet som blir gitt. Dette gjer at samtalar og oppfølging av brukarar like gjerne kan skje gjennom aktivitetar som spaserturar, fjellturar, padling eller sykkelturar, som konsultasjonar på kontoret og heimebesøk.
Arbeidsoppgåver vil avhenge av kompetanse/erfaring hos søkjar, men vil kunne vere:
- Individuelt klinisk arbeid
- Kartlegging/vurdering av brukarar
- Oppfølging av brukarar
- Samarbeid med interne og eksterne instansar
- Fleksibilitet i arbeidstid, noko arbeid på ettermiddag/kveld kan forekomme
- Vara for fagleiar i psykososialt kriseteam
Kvalifikasjonar:
Det er ynskjeleg at søkjar har 3-årig høgskuleutdanning innan helsefag eller sosialfag, med vidareutdanning i psykisk helsearbeid, rus- og avhengighetsproblematikk, SEPREP eller tilsvarande. Ander kan også vurderast.
- Det er ein fordel med relevant arbeidserfaring med målgruppa fra kommune og/eller spesialisthelsetjeneste
- Det er ynskjeleg med erfaring fra kurs/gruppeverksemd (KID, angstmeistring, stressmeistring m.m)
- Kunne bruke digitale verktøy
- Førarkort klasse B
- Krav til gode norskkunnskaper; både munnleg og skriftleg
Personlege eigenskapar:
- Er fleksibel og kommuniserer/ samhandlar godt med brukarar, pårørande og andre samarbeidspartnarar
- Strukturert, sjølvstendig, samarbeider godt og er initiativrik
- Vert motivert av å yte gode tenester og bidra til vidareutvikling
- Har god evne til etisk refleksjon
- Bidrar til godt arbeidsmiljø
- Bidra til ein stabil kvardag for brukarane av tenesta
- Personleg eignaheit vert vektlagt ved tilsetjing
Anna:
- Søkjarane må gje opp minimum to referansar i søknaden
- Tenestespråket i Gulen kommune er nynorsk
- Tilsetjing etter gjeldande lover, føresegner og avtalar
- Gyldig helse- og politiattest må famvisast før tiltredning
- Vi gjer merksam på at søkjarlister med namn, kjønn, alder og noverande stilling er offentleg informasjon. Dersom søkjarar likevel ber om konfidensiell handsaming, og grunnen for å unnta offentleggjering ikkje vert godkjent, får søkjaren høve til å trekke søknaden sin før offentleggjering
Vi tilbyr:
- Spennande og varierte arbeidsoppgåver.
- Triveleg arbeidsmijlø
- Gode forsikrings- og pensjonsordningar
- Løn etter tariff
- Hjelp med å skaffe bustad
- Ledig barnehageplass i kommunen
Company
Gulen kommuneApplication deadline
18.06.2022Industry
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonEducational qualification
PåkrevetWork experience
ØnskeligAddress
5966, EIVINDVIK
GULEN
NorwayNumber of positions
1Career-kode
4600696Look here for other jobs from Gulen kommune
- Updated 04.05.2022