• Bedrift
    Fjord1 ASA
  • Søknadsfrist
    22.06.2026
  • Heltid/Deltid
    Heltid
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Ferger
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    6905, FLORØ
    KINN
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    6646692
  • Se her for andre jobber fra Fjord1 ASA
Ledig stilling

Fjord1 ASA

HMSK og berekraftsmedarbeidar

Ferger

Vil du jobbe med HMSK og berekraft i Noregs leiande ferjeselskap? I denne nyoppretta stillinga i Fjord1 får du ei spennande rolle tett på drift, fartøy og utviklingsarbeid.

Du vil bidra i alt frå operativ oppfølging til utviklingsarbeid innan HMSK og berekraft, og vert ein sentral ressurs i arbeidet med selskapet sin berekraftrapport. Vi ser etter deg som er nysgjerrig, tek initiativ og ønskjer å bidra til vidare utvikling av arbeidet vårt. Du blir ein del av ei avdeling med tre inspektørar, og rapporterer til direktør for HMSK og berekraft.

Hos oss får du ein variert kvardag der du jobbar tett på både fag og drift. Du vil støtte opp under det systematiske arbeidet med HMSK og berekraft, og bidra til at tiltak og krav blir følgde opp i praksis. Du vil arbeide med oppgåver knytt til risikovurderingar, oppfølging av hendingar og datagrunnlag, i tillegg til å bidra i utvikling av rutinar og prosessar. Du vil også vere ein viktig støttespelar for kollegaer og bidra til å spreie kunnskap og gode praksisar i organisasjonen.

Fjord1 er ein sentral aktør i det grøne skiftet innan transport, og vi jobbar målretta med både tryggleik, miljø og berekraft.  

Kvalifikasjoner:

  • relevant utdanning på bachelor- eller masternivå innan HMSK, miljø og berekraft
  • erfaring frå HMSK-, miljø- eller berekraftsarbeid
  • sterk interesse for sikkerheit, risikostyring og berekraft
  • gode framstillingsevner på norsk og engelsk, både munnleg og skriftleg
  • kjennskap til maritim verksemd 

Personlige egenskaper:

  • engasjert og motivert for å lære og utvikle deg
  • strukturert og systematisk i arbeidet ditt
  • initiativrik og følgjer opp oppgåver
  • samarbeidsorientert og trivst i lag med andre
  • ein positiv bidragsytar til eit godt arbeidsmiljø og god samhandling
  • oppteken av forbetring og bidreg til gode løysingar

Vi tilbyr:

  • konkurransedyktige lønnsvilkår og svært gode forsikrings- og pensjonsordningar
  • tilgang til eit stort velferdstilbod, mellom anna leilegheiter og hytter
  • støtte til fagleg og personleg utvikling
  • ei viktig rolle i det leiande ferjeselskapet i landet
  • eit inkluderande og utviklingsorientert arbeidsmiljø, med stort mangfald 
  • moderne kontorlokaler der latteren sit laust i gangane, og vaflar kvar fredag!

 

Kjenner du at dette treff deg? Send oss din søknad!

 

  • Bedrift
    Fjord1 ASA
  • Søknadsfrist
    22.06.2026
  • Heltid/Deltid
    Heltid
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Ferger
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    6905, FLORØ
    KINN
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    6646692
  • Se her for andre jobber fra Fjord1 ASA