• Bedrift
    Øygarden kommune
  • Søknadsfrist
    30.01.2022
  • Ansettelsesform
    workTime.Dag
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    5354, STRAUME
    ØYGARDEN
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    4306862
  • Se her for andre jobber fra Øygarden kommune
  • Oppdatert 07.01.2022
Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Øygarden kommune

HMS rådgjevar 100% fast - Stabseining Tryggleik

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

 Stabseining Tryggleik er organisert under kommunalsjefområdet Økonomi og organisasjon og består av elleve tilsette. Dei tilsette er fordelt på ulike fagområder innanfor HMS, GDPR/informasjonstryggleik, Samfunnstryggleik og beredskap, kvalitetssystem og internadvokatkontoret til kommunen. 

Vi er ein stabsfunksjon og yter teneste til alle tilsette i kommunen. HMS rådgjevar vil ha ein sentral funksjon med å gje råd og rettleiing til leiarar og bistand til gjennomføring av ROS ute i organisasjonen.

Vi har ledig 100% fast stilling som HMS rådgjevar med oppstart frå snarast.

 

Arbeidsoppgåver:

  • Bistand til å lage malverk og risikoanalysar
  • Opplæring i risikohandtering for leiarar
  • Gjennomføre kartleggingar og risikoanalysar
  • Bistå med årsaksanalyse og gransking ved hending
  • Råd og støtte til linjeleiinga i utarbeiding og vedlikehald av HMS og kvalitetssystem
  • Utføre analyse basert på informasjon i avvikssystemet (trende) og adressere forbetringsområde og læringspunkt for organisasjonen
  • Bidra til å vidareutvikle ein god arbeidskultur med fokus på tryggleiksatferd
  • Arbeid med stoffkartotek og eksponeringsregister
  • Bistå ved behov med andre oppgåver som ligg/ vert lagt til eininga

Kvalifikasjonar: 

  • Bachelor HMS ingeniør eller tilsvarande utdanning
  • Minimum tre års erfaring med strategisk og operativt HMS - arbeid
  • Ønskjeleg med erfaring frå større verksemd
  • Kandidatar utan formalkompetanse med lang og relevant arbeidserfaring innan området risikohandtering/ HMS kan verte vurdert
  • God kjennskap til lover og forskrifter som gjeld HMS og kvalitet
  • Gode norskkunnskapar munnleg og skriftleg
  • Gode dataferdigheiter

Personlege eigenskapar:

  • Sjølvstendig og oppsøkande
  • Spesielt gode samarbeidsevner
  • Framoverlent, nysgjerrig og fagleg engasjert
  • Teamorientert og trivast med andre
  • Evne til å bidra aktivt i tverrfaglege team samstundes som du arbeider sjølvstendig
  • Høg fagleg integritet
  • Analytisk og løysningsorientert

 Vi tilbyr:

  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • IA-bedrift
  • Motiverte og kunnskapsrike kollegaer
  • Interessante utfordringar
  • Høve til fagleg og personleg utvikling

 

  

Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.

Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bedeom ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkaren varsla om dette.Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.

 

  • Bedrift
    Øygarden kommune
  • Søknadsfrist
    30.01.2022
  • Ansettelsesform
    workTime.Dag
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    5354, STRAUME
    ØYGARDEN
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    4306862
  • Se her for andre jobber fra Øygarden kommune
  • Oppdatert 07.01.2022