Företag
Fjord1 ASAAnsökningstiden
03.06.2026Heltid/Deltid
HeltidAnställningsform
PermanentBransch
FergerUtbildningskrav
PåkrevetArbetserfsrenhet
ØnskeligAdress
6905, FLORØ
KINN
NorgeAntal befattningar
1Karriere-kod
6629039Se här för andra jobb från Fjord1 ASA
Fjord1 ASA
HMS inspektør - ei nøkkelrolle i drift
Ferger
Som HMS-inspektør får du ei sentral rolle i arbeidet med sikkerheit, risikostyring og kontinuerleg forbetring. Du jobbar tett på drift og fartøy, og er ein viktig bidragsytar til at HMS-arbeidet fungerer i praksis. Hos oss får du høve til å påverke korleis sikkerheitsarbeidet blir gjennomført i kvardagen, i tett samarbeid med leiarar og mannskap.
Stillinga vil vere knytt til hovudkontoret i Florø eller kontoret i Bergen, og passar godt for deg som ynskjer å kombinere ein administrativ jobb med å vere ute i feltet der drifta skjer.
Fjord1 er Noregs leiande ferjeselskap og ein sentral aktør i det grøne skiftet innan transportsektoren. Vi kombinerer sterke maritime tradisjonar med moderne teknologi og framtidsretta drift. Frå hausten 2026 etablerer vi mellom anna verdas første autonome ferjesamband med nullutsleppsferjer på Lavik–Oppedal.
Vil du vere med og utvikle trygg og berekraftig drift i Norges leiande ferjeselskap?
Kvalifikasjoner:
- erfaring fra maritim, offshore eller anna operativ verksemd
- erfaring med HMSK-, sikkerheits- eller kvalitetsarbeid
- relevant utdanning (HMS, maritime fag eller tilsvarande)
- kompetanse innan risikostyring og gransking av hendinar
- gode framstillingsevner på norsk, både munnleg og skriftleg
- erfaring frå fartøy eller drift av fartøy er ein fordel
Personlige egenskaper:
- strukturert og sjølvstendig med god kjennomføringsevne
- engasjert og oppteken av forbetring og gode arbeidsprosessar
- gode samarbeidsevner og evne til å byggje tillit
- initiativrik og løysingsorientert
- trivst med å vere tett på drift og operativ verksemd
Vi tilbyr:
- ei sentral rolle i eit selskap i front av det grønne skiftet
- eit inkluderande og utviklingsorientert arbeidsmiljø med sterk kultur for samarbeid
- varierte arbeidsdagar tett på drift og fag
- eit sterkt fagmiljø og gode utviklingsmoglegheiter
- moderne kontorlokaler
- konkurransedyktige vilkår, gode forsikrings- og pensjonsordningar
- tilgang til leilegheiter og hytter som ein del av velferdsordningane
Kjenner du at dette treff deg? Da er det kanskje du som skal utvikle deg innan HMS og bidra til trygg drift i Fjord1.
Send inn søknaden din – vi vurderer kandidatar fortløpande.
Företag
Fjord1 ASAAnsökningstiden
03.06.2026Heltid/Deltid
HeltidAnställningsform
PermanentBransch
FergerUtbildningskrav
PåkrevetArbetserfsrenhet
ØnskeligAdress
6905, FLORØ
KINN
NorgeAntal befattningar
1Karriere-kod
6629039Se här för andra jobb från Fjord1 ASA