• Bedrift
    Ål Kommune
  • Søknadsfrist
    10.08.2025
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Offentlig forvaltning
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    3570, ÅL
    ÅL
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    6285165
  • Se her for andre jobber fra Ål Kommune
  • Oppdatert 04.07.2025
Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Ål Kommune

Helsesjukepleiar / Sjukepleiar

Offentlig forvaltning

Er du løysingsfokusert og ynskjer å vera med å bygge laget rundt bornet og deira familie og nettverk?
Er du ein relasjonsbyggar og har barnets beste i fokus?
Ynskjer du spennande og meiningsfylte arbeidsoppgåver i eit entusiastisk og solid fagmiljø?

Då ynskjer vi deg velkommen til vårt team!

Me har ledig 100% fast stilling som helsesjukepleiar frå september 2025. 

Me i Familiens Hus, har eit godt arbeidsmiljø der det er plass til både fagleg fordjuping, humor i kvardagen og eit godt fellesskap. Me har faste fagmøter, veiledning og arbeider tverrfagleg både innad i avdelinga og med samarbeidspartar. Vi er ei nytenkjande teneste i utvikling. Dette gjer arbeidskvardagen variert og spennande. Vi ser etter deg som brenn for born og unge. Me har eit mål om at det skal vera godt å vekse opp i Ål. 

Kvalifikasjonar

  • Utdanning som helsesjukepleiar.
  • Sjukepleiar som er i utdanning til helsesjukepleiar eller som har planar om dette, oppfordrast til å søke.
  • Interesse for oppfølging av barn og familiar.
  • God munnleg og skriftleg framstillingsevne.
  • Den som blir tilsett  må ha førarkort kl. B og må disponere bil.

Arbeidsoppgåver

  • Helsefremjande og førebyggande oppgåver for tenesta i samsvar med lokale og nasjonale retningsliner og rutiner.
  • Delta i tverrfaglege team i tett samarbeid med oppvekstsektoren og andre tenester.
  • Skulehelseteneste i grunnskule og vidaregåande skule.
  • Vaksinering.
  • Andre aktuelle oppgåver i Familien hus ut frå kvalifikasjonar og behov.

Personlege eigenskapar

Me ynskjer at du:

  • Er dyktig og engasjert i helsefremmande og førebyggande arbeid for born, unge og deira familiar.
  • Er ein god relasjonsbyggjar.
  • God på kommunikasjon og rettleiing.
  • Har evne til å arbeide sjølvstendig og i team.
  • Er positiv og løysingsorientert.
  • Har evne til nytenking.

Personlege eigenskapar vert vektlagt.

Me tilbyr

  • Interessante arbeidsoppgåver knytt til familiar, barn og unge
  • Eit godt etablert tverrfagleg miljø og gode system for samarbeid med andre
  • Godt arbeidsmiljø med erfarne, trygge og kunnskapsrike kollegaer
  • Internundervisning, fagleg utvikling og rettleiing
  • Lønn og arbeidsvilkår i samsvar til lov og avtaleverk
  • Pensjonsordning i KLP

Søknad og politiattest

  • Vitnemål og attestar legg du inn saman med søknaden.
  • Den som vert tilsett må legge fram politiattest ikkje eldre enn tre månadar.
  • Kommunen følgjer offentleglova § 25 ved eventuell offentleggjering av søkjarlista.

 

Velkomen som søkjar!

 

  • Bedrift
    Ål Kommune
  • Søknadsfrist
    10.08.2025
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Offentlig forvaltning
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    3570, ÅL
    ÅL
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    6285165
  • Se her for andre jobber fra Ål Kommune
  • Oppdatert 04.07.2025