• Bedrift
    Ål Kommune
  • Søknadsfrist
    14.08.2022
  • Ansettelsesform
    workTime.Dag
  • Bransje
    Offentlig forvaltning
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    3570, ÅL
    ÅL
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    4698266
  • Se her for andre jobber fra Ål Kommune
  • Oppdatert 05.08.2022
Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Ål Kommune

Helsesjukepleiar / sjukepleiar - 100 % vikariat i Familiens hus

Offentlig forvaltning

Me har ledig stilling som helsesjukepleiar i 100 % stilling i perioden 20.10.2022-30.06.2023.

Familiens hus gir tenester til barn, ungdom og familiar. Vi er 22 tilsette. Familiens hus består av tenester i Helsestasjonen, Psykisk helse born og unge og eit interkommunalt PPT i lag med Hol kommune. Familiens hus arbeider tverrfagleg for å fremje trivsel og god fysisk og psykisk helse hjå born, unge og deira familiar, samt styrke born og unge sine oppvekstsvilkår.

Ål og Hallingdal er ein spennande møteplass mellom aust og vest med eit rikt mangfald av arbeidsplassar og tilbod sumar og vinter. Draumeplass for deg som likar friluftsliv, kultur og eit kortreist og køfritt kvardagsliv.

Kvalifikasjonar

Utdanning som helsesjukepleiar, eventuelt sjukepleiar med interesse for oppfølging av barn og familiar. Den som blir tilsett ha førarkort kl B og må disponere bil.

Arbeidsoppgåver

  • skulehelseteneste i ungdomsskule og videregåande
  • vaksinering
  • andre aktuelle oppgåver i Familien hus ut frå kvalifikasjonar/ utdanning

Personlege eigenskapar
Personlege eigenskapar vert vektlagt. Me ynskjer at du:

  • er dyktig og engasjert i helsefremmande og førebyggande arbeid for born, unge og deira familiar
  • er ein god relasjonsbyggjar
  • god på kommunikasjon og rettleiing
  • har evne til å arbeide sjølvstendig og i team
  • er positiv og løysingsorientert
  • har evne til nytenking

Me tilbyr

  • interessante arbeidsoppgåver knytt til familiar, barn og unge
  • eit godt etablert tverrfagleg miljø og gode system for samarbeid med andre
  • godt arbeidsmiljø med erfarne, trygge og kunnskapsrike kollegaer
  • internundervisning, fagleg utvikling og rettleiing
  • lønn og arbeidsvilkår i samsvar til lov og avtaleverk
  • pensjonsordning i KLP
  • hjelp til å skaffe bustad

Politiattest

For å få tiltre stillinga etter tilsettinga, må du levere gyldig politiattest som er nyare enn tre månader.

Send søknad
Bruk elektronisk søknadsskjema som ligg på adresse www.aal.kommune.no under linken"Ledige stillingar".

Søkjarar som ynskjer å vere unnateke offentlegheit må grunngje dette særskilt i søknaden,

 

  • Bedrift
    Ål Kommune
  • Søknadsfrist
    14.08.2022
  • Ansettelsesform
    workTime.Dag
  • Bransje
    Offentlig forvaltning
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    3570, ÅL
    ÅL
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    4698266
  • Se her for andre jobber fra Ål Kommune
  • Oppdatert 05.08.2022