Ledig stilling

Sogndal kommune

Helsesjukepleiar

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Er du vår nye kollega i ei spennande og viktig teneste for barn og unge? 

Eininga helsestasjon er ein del av sektor oppvekst og består av ulike deltenester. I tillegg til å tilby helsestasjon – og skulehelseteneste og helsestasjon for ungdom, arbeidar helsestasjonen også med minoritetshelse og smittevern. 

På helsestasjon jobbar det flest helsesjukepleiarar, men også tilsette frå andre fagprofesjonar som barnekoordinator og psykolog. Me er samlokalisert med jordmortenesta og fysioterapi – og ergoterapitenesta. Me samarbeider tett med andre tenester internt og eksternt for å sikre at alle barn, unge og deira familiar får den heilskaplege og naudsynte oppfølginga og støtta dei treng.    

 

Me søkjer etter engasjerte helsesjukepleiarar: 

  • 100 % vikariat i perioden 01.07.25 - 20.06.26. Det kan bli moglegheit for forlenging.   
  • 100 % fast stilling

 

Arbeidsoppgåver: 

 

  • Arbeidsoppgåver ligg i dag til skulehelsetenesta, men kan bli endra ut i frå kvalifikasjon og behov i dagleg drift.  
  • Tverrfagleg samarbeid 
  • Deltaking i team 

 

Kvalifikasjonar: 

Må ha: 

  • Godkjend helsesjukepleiarutdanning 

  • Sjukepleiar under helsesjukepleiarutdanning kan tilsetjast 

  • Sjukepleiarar kan tilsetjast i vikariatet ved fråvær av kvalifiserte søkjarar 

Ønskjeleg med: 

  • Erfaring frå arbeid i helsestasjon – og skulehelsetenesta. 

  • Erfaring frå arbeid med barn og unge 

  • Erfaring med fagprogrammet HsPro og elles gode dataferdigheiter 

Personlege eigenskapar: 

Til vår stilling ser me etter ein helsesjukepleiar med evne til å arbeida målretta og sjølvstendig, samstundes som du er ein god lagspelar. Du er fagleg trygg, og har gode kommunikasjonsferdigheiter med barn og unge. Du har gode samarbeidsevner og er fleksibel. Vidare ser me etter deg som har godt humør, motivasjon og engasjement for helsefremjande og førebyggjande arbeid. Du har stor arbeidskapasitet og god evne til organisering av eige arbeid. Me ser etter deg som synes endring kan vera spennande, og som er løysingsorientert og omstillingsdyktig. Som helsesjukepleiar har du høg i autonomi i ditt daglege arbeid.  

 

Det vert lagt vekt på personlege eigenskapar.  

 

Reiseverksemd må påreknast. Søkjar må ha førarkort klasse B og kunne disponere eigen bil i tenesta. Du må beherske norsk munnleg og skriftleg.  

 

Me tilbyr: 

  • Ein meiningsfylt arbeidskvardag der ingen dagar er like 

  • Tett samarbeid med andre tenester som jobbar med barn og unge 

  • Stort fagmiljø, og høgt fagleg nivå 

  • Ein spanande jobb i eit arbeidsmiljø der alle skal trivast 

  • Dagarbeid og fleksitid 

  • Kollegarettleiing 

  • Leasingbil i tenesta 

  • Gode pensjons- og forsikringsordningar 

  • Gode velferdsordningar 

Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegla folkesetnaden elles. Me oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. Me legg vekt på å leggje til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det. 

 
Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader. Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort. 

 

Søknad må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt  EasyCruit. 

Dersom du har spørsmål, ta gjerne kontakt.