• Bedrift
    Askvoll kommune
  • Søknadsfrist
    22.09.2024
  • Heltid/Deltid
    Deltid
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    6980, ASKVOLL
    ASKVOLL
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    5857867
  • Se her for andre jobber fra Askvoll kommune
  • Oppdatert 27.08.2024
Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Askvoll kommune

Helsesjukepleiar - 50% vikariat ved Askvoll helsestasjon

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Ved helsestasjonen i Askvoll kommune har vi ledig vikariat i 50% stilling som helsesjukepleiar, med moglegheit for fast tilsetjing.

I vår kommune er vi opptatt av at tenestene skal vere fagleg gode og medverke til god livskvalitet.

Helsestasjonen i Askvoll kommune inneheld jordmorteneste og helsestasjon for barn og ungdom, skulehelseteneste og helsestasjonsteneste for flyktningar. Helsestasjonen legg vekt på tidleg innsats, der fleire tenester og faggrupper jobbar saman for å nå felles mål.

Helsestasjonen er lokalisert i fine lokalar i sentrum av Askvoll, i tilknyting til Askvoll legesenter.

 

Arbeidsoppgåver:

  • Helsefremmande og førebyggande oppgåver i samsvar med nasjonalfaglege retningslinjer for helsestasjon og skulehelsetenesta
  • Helsestasjonskontrollar av barn i aldersgruppa 0-5 år, gjennomføring og oppfølging av barnevaksinasjonsprogrammet
  • Skulehelseteneste, med oppfølging av elever individuelt og undervisning i grupper/ klassar
  • Helsestasjon for ungdom
  • Flyktninghelseteneste
  • Tverrfagleg samarbeid
  • Plan og systemarbeid

Kvalifikasjonar:

  • Autorisasjon som helsesjukepleiar
  • Sjukepleiar under utdanning til helsesjukepleiar og sjukepleiar med relevant vidareutdanning kan tilsettast midlertidig
  • Ynskjeleg med erfaring frå helsestasjon og eller skulehelsetenesta
  • Ynskjeleg med erfaring med foreldrerettleiing
  • Gode norskkunnskapar munnleg og skriftleg
  • Den som blir tilsett må ha førarkort
  • Det er krav om framlagd politiattest før oppstart

Personlege eigenskapar:

  • Ha gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
  • Er sjølvstendig, positiv, fleksibel og fagleg engasjert
  • Ha evne til å samhandle og arbeide tverrfagleg
  • Like utfordringar og er løysingsorientert
  • Kan møte menneske i ulike livssituasjonar og med ulike behov på ein verdig og respektfull måte
  • Ha evne til å handtere tidvis travle periodar og høgt tempo

Vi tilbyr:

  • Varierte og spennande arbeidsoppgåver i eit aktivt og positivt arbeidsmiljø
  • Noko kveldsarbeid kan førekomme i samband med deltaking på foreldre møter
  • Avtale om signeringsstipend på kr. 75 000, mot eit års bindingstid for helsesjukepleiar
  • Lønn etter KS tariff og lokal lønsstige
  • god forsikring
  • offentleg pensjonsordning (KLP)
  • løn etter sentralt løns- og stillingsregulativ, og lønspolitisk plan 

 

Tilsetjing skjer på dei vilkår og med dei plikter som til ei kvar tid går fram av gjeldande lover, reglar og tariffavtalar.

Askvoll kommune legg vekt på mangfald på arbeidsplassen og oppfordrar kvalifiserte kandidatar til å søkje - uavhengig av alder, seksuell orientering, kjønn og kjønnsidentitet, funksjonsnedsetting og nasjonal eller etnisk bakgrunn. Arbeidsvilkåra vert tilrettelagde for personar med nedsett funksjonsevne.

Vi gjer merksam på at søkjarar kan verte offentleggjort (offentleg søkjarliste). Søknadar om å verte unnateke offentlegheita må grunngjevast, og vert vurdert fortløpande. Dersom det ikkje er særlege grunnar for å unnta offentleggjering, vil søkjaren bli kontakta og få høve til å trekke søknaden sin før søkjarliste blir gjort offentleg.

 

  • Bedrift
    Askvoll kommune
  • Søknadsfrist
    22.09.2024
  • Heltid/Deltid
    Deltid
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    6980, ASKVOLL
    ASKVOLL
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    5857867
  • Se her for andre jobber fra Askvoll kommune
  • Oppdatert 27.08.2024