• Company
    Samnanger kommune
  • Application deadline
    21.08.2022
  • Form of employment
    workTime.Dag
  • Industry
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Educational qualification
    Påkrevet
  • Work experience
    Ønskelig
  • Address
    5650, TYSSE
    SAMNANGER
    Norway
  • Number of positions
    1
  • Career-kode
    4652018
  • Look here for other jobs from Samnanger kommune
  • Updated 10.08.2022
Vacancy

Expired ad

The application deadline for this job opportunity has passed.

Samnanger kommune

Helsesjukepleiar

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Samnanger kommune har ledig 100 % fast stilling som helsesjukepleiar ved Samnanger helsetun, 40 minuttar køyring frå Bergen. Stillinga som helsesjukepleiar er hovudsakleg knytt til skulehelsetenesta og helsestasjon for ungdom. Dersom det ikkje vert tilsett helsesjukepleiar kan sjukepleiar verta tilsett i eit engasjement/vikariat på inntil 100 % stilling for eit gitt tidsrom.
 
Stillinga er organisatorisk plassert i eining for helse. Det er leiande helsesjukepleiar i 100 % stilling i eininga. I same eininga finn ein legekontor, helsestasjon, jordmor, psykolog og fysioterapi. 

 Arbeidsoppgåver

  • Skulehelsetenesta jf. nasjonale faglege retningslinjer for helsestasjon og skulehelsetenesta
    • Kartlegging og oppfølging av helse, både psykisk og fysisk
    • Auka fokus på psykisk helse blant barn og ungdom
    • Oppfølging av vaksinasjon og smittevern 
    • Tverrfagleg samarbeid internt og med andre kommunale tenester 
    • Journalføring og dokumentasjon 
  •  Helsestasjon for ungdom 

Kvalifikasjonar

Krav:

  • Vidareutdanning i helsesjukepleie. Sjukepleiar med påbyrja helsesjukepleiarutdanning eller relevant vidareutdanning og/eller relevant arbeidserfaring kan tilsetjast i inntil 100 % vikariat for eit gitt tidsrom.
  • God og oppdatert fagleg kunnskap innan fagområdet 
  • Utanlandsk utdanning må vera NOKUT godkjent
  • Må ha førarkort klasse B og disponera eigen bil
  • Søkjaren må kunna framlegga gyldig politiattest 

Ønskjer: 

  • Erfaring som helsesjukepleiar 
  • God IKT kompetanse 

Personlege eigenskapar

  • Gode samarbeidsrelasjonar og evne til å motivera 
  • Evne til å arbeida målretta og sjølvstendig, så vel som i team 
  • vera tydeleg og kunna jobba systematisk 
  • Nynorsk er administrasjonsmålet til kommunen - må kunna både snakka og skriva godt norsk 
  • Søkjarane vil verta vurderte i høve personlege eigenskapar og kva helsestasjonen treng  

 Me tilbyr

  • Eit fagleg miljø med utfordrande oppgåver, gode moglegheiter for fagleg og personleg utvikling og høve til å vera med å forme ein kommune i positiv utvikling og vekst
  • Lønn, offentleg pensjon og arbeidsvilkår etter gjeldande lov- og avtaleverk
  • Gunstig pensjonsordning, yrkesskade- og gruppelivsforsikring
  • Eit godt og inkluderande arbeidsmiljø, og god samarbeidsånd
  • Fleksible arbeidstidsordningar
  • Gode velferdsordningar
  • Barnehageplass for tilsette sine born

Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegla folkesetnaden elles. Me oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hjå oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. Me legg vekt på å leggja til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det. 

Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader.
Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort, og vil ha moglegheit til å trekkja søknaden. 

Som tilsett i Samnanger kommune vil du bli innmeldt i KLP si pensjonsordning. KLP tilbyr pensjon, bank og forsikringstenester og er Norges største pensjonsselskap. Ordninga dekker alderspensjonar, AFP, uførepensjon, etterlattepensjon, yrkesskade- og gruppelivsforsikring.

Søknadar må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt EasyCruit.

 

 

  • Company
    Samnanger kommune
  • Application deadline
    21.08.2022
  • Form of employment
    workTime.Dag
  • Industry
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Educational qualification
    Påkrevet
  • Work experience
    Ønskelig
  • Address
    5650, TYSSE
    SAMNANGER
    Norway
  • Number of positions
    1
  • Career-kode
    4652018
  • Look here for other jobs from Samnanger kommune
  • Updated 10.08.2022