Bedrift
Samnanger kommuneSøknadsfrist
21.08.2022Stillingstype:
DagBransje:
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav:
PåkrevetArbeidserfaring:
ØnskeligAdresse:
5650, TYSSE
SAMNANGER
NorgeAntall stillinger:
1karriere-kode:
4652018Se her for andre jobber fra Samnanger kommune
Samnanger kommune
Helsesjukepleiar
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Samnanger kommune har ledig 100 % fast stilling som helsesjukepleiar ved Samnanger helsetun, 40 minuttar køyring frå Bergen. Stillinga som helsesjukepleiar er hovudsakleg knytt til skulehelsetenesta og helsestasjon for ungdom.
Stillinga er organisatorisk plassert i eining for helse. Det er leiande helsesjukepleiar i 100 % stilling i eininga. I same eininga finn ein legekontor, helsestasjon, jordmor, psykolog og fysioterapi.
Arbeidsoppgåver
- Skulehelsetenesta jf. nasjonale faglege retningslinjer for helsestasjon og skulehelsetenesta
- Kartlegging og oppfølging av helse, både psykisk og fysisk
- Auka fokus på psykisk helse blant barn og ungdom
- Oppfølging av vaksinasjon og smittevern
- Tverrfagleg samarbeid internt og med andre kommunale tenester
- Journalføring og dokumentasjon
-
Helsestasjon for ungdom
Kvalifikasjonar
Krav:
- Vidareutdanning i helsesjukepleie
- God og oppdatert fagleg kunnskap innan fagområdet
- Utanlandsk utdanning må vera NOKUT godkjent
- Må ha førarkort klasse B og disponera eigen bil
- Søkjaren må kunna framlegga gyldig politiattest
Ønskjer:
- Erfaring som helsesjukepleiar
- God IKT kompetanse
Personlege eigenskapar
- Gode samarbeidsrelasjonar og evne til å motivera
- Evne til å arbeida målretta og sjølvstendig, så vel som i team
- Må vera tydeleg og kunna jobba systematisk
- Nynorsk er administrasjonsmålet til kommunen - må kunna både snakka og skriva godt norsk
- Søkjarane vil verta vurderte i høve personlege eigenskapar og kva helsestasjonen treng
Me tilbyr
- Eit fagleg miljø med utfordrande oppgåver, gode moglegheiter for fagleg og personleg utvikling og høve til å vera med å forme ein kommune i positiv utvikling og vekst
- Lønn, offentleg pensjon og arbeidsvilkår etter gjeldande lov- og avtaleverk
- Gunstig pensjonsordning, yrkesskade- og gruppelivsforsikring
- Eit godt og inkluderande arbeidsmiljø, og god samarbeidsånd
- Fleksible arbeidstidsordningar
- Gode velferdsordningar
- Barnehageplass for tilsette sine born
Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegla folkesetnaden elles. Me oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hjå oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. Me legg vekt på å leggja til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader.
Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort, og vil ha moglegheit til å trekkja søknaden.
Som tilsett i Samnanger kommune vil du bli innmeldt i KLP si pensjonsordning. KLP tilbyr pensjon, bank og forsikringstenester og er Norges største pensjonsselskap. Ordninga dekker alderspensjonar, AFP, uførepensjon, etterlattepensjon, yrkesskade- og gruppelivsforsikring.
Søknadar må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt EasyCruit.
Bedrift
Samnanger kommuneSøknadsfrist
21.08.2022Stillingstype:
DagBransje:
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav:
PåkrevetArbeidserfaring:
ØnskeligAdresse:
5650, TYSSE
SAMNANGER
NorgeAntall stillinger:
1karriere-kode:
4652018Se her for andre jobber fra Samnanger kommune