Bedrift
Øygarden kommuneSøknadsfrist
05.01.2026Ansettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
5354, STRAUME
ØYGARDEN
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
6479376Se her for andre jobber fra Øygarden kommune
Øygarden kommune
Helsesjukepleiar 2*100% vikariat
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Om avdelinga:
Familiehelsetenesta består av 4 helsestasjonar, skulehelseteneste, helsestasjon for ungdom og flyktninghelseteneste. Gruppa av tilsette er samansett av engasjerte og fagleg dyktige helsesjukepleiarar, jordmødrer, helsesekretærar, legar, miljøarbeidar og psykolog.
Det er variasjon i arbeidsoppgåvene og eit høgt fagleg engasjement. Du vil få tilbod om kompetanseheving som t.d. VIVAT kurs og du vil delta på opplæringsprogrammet «Tidleg inn», som starta opp hausten 2025.
På grunn av at to av våre dyktige tilsette skal i svangerskapspermisjon vert det no lyst 2 x 100% vikariat i helsestasjon- og skulehelsetenesta.
Stillingane ligg 100% i barneskule og 100% i ungdomsskule. Oppstart er satt til 1. mars, men det er mogeleg å starte i delar av stillingane frå og med januar 2026.
Arbeidsoppgåver:
- Arbeid i skulehelsetenesta.
- Individuelle konsultasjoner og gruppe
- Undervisning
- Foreldrerettleiing
- Tverrfaglig samarbeid
- Autorisert helsesjukepleiar eller i utdanningsløp til helsesjukepleiar.
- Gode norskkunnskapar munnleg og skriftleg
Ønskjeleg med:
- Erfaring frå arbeid i skulehelsetenesta
- Gode dataferdigheter
- God muntlig og skriftlig formidlingsevne.
- Fagleg dyktig og har engasjement for førebyggjande helsearbeid
- Fleksibel, løysingsorientert og endringsvillig
- God på kommunikasjon og har evne til rettleiing
- Strukturert og sjølvstendig samstundes som du er ein lagspelar
- God på samarbeid og har evne til å bygge relasjoner
Personlege eigenskapar vert vektlagt.
Anna:
Det er naudsynt at ein har førarkort og disponerer bil i tenesta.
Søkjarar vert kontakta fortløpande.
Vi tilbyr:- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- IA-bedrift
- Motiverte og kunnskapsrike kollegaer
- Interessante utfordringar
- Høve til fagleg og personleg utvikling
Kontakt:
Berit Algrøy, einingsleiar. Mobil: 95208001
Elisabeth Handal, avdelingsleiar Straume helsestasjon. Mobil: 97789653
Søknadsfrist: 5. januar
Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bede om ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkjaren varsla om dette. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.
Bedrift
Øygarden kommuneSøknadsfrist
05.01.2026Ansettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
5354, STRAUME
ØYGARDEN
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
6479376Se her for andre jobber fra Øygarden kommune
-
Helsefagarbeider 37% fast kvilande natt
Øygarden kommune
STRAUME -
Sjukepleiar/Vernepleiar 100% fast
Øygarden kommune
Straume -
Legevaktoverlege, 50% fast stilling, Sotra legevakt
Øygarden kommune
STRAUME -
Ergoterapeut 100% vikariat
Øygarden kommune
Straume -
Sjukepleiar 100% fast stilling
Øygarden kommune
STRAUME