• Bedrift
    Vestnes kommune
  • Søknadsfrist
    20.09.2021
  • Ansettelsesform
    workTime.Dag
  • Bransje
    Offentlig forvaltning
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    6390, VESTNES
    VESTNES
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    4083704
  • Se her for andre jobber fra Vestnes kommune
  • Oppdatert 07.09.2021
Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Vestnes kommune

Helsesjukepleiar - 100 % prosjektstilling - Skulehelsetenesta

Offentlig forvaltning

Stillingstype
Prosjektstilling 100 % i Eining for barn, ungdom og familie frå snarast og fram t.o.m. 31.12.21. med moglegheit for forlenging dersom vidare tildeling av prosjektmidlar.

Arbeidsstad
Helsestasjonen i Vestnes består av helsesjukepleier, jordmor, lege, psykolog, fysioterapeut og merkantil personalet. Tenesta skal ivareta det heilheitlege førebyggjande og helsefremjande arbeidet retta mot barn og unge 0-20 år og deira familiar, og gravide som ynskjer å gå til svangerskapskontroll i tilknyting til helsestasjonen.

Arbeidsoppgåver
Prosjektstillinga vil vere retta opp imot skulehelsetenesta der hovudarbeidsoppgåva vil vere å gjennomføre treff-tider ved barne – og /eller ungdomskulane, samt fylgje opp elevar og deira familiar i etterkant når det er behov. Dette vil skje i tett samarbeid med allereie eksisterande personell i skulehelsetenesta, samt andre samarbeidande teneste både internt og eksternt.

Kvalifikasjonar
Helsesjukepleiar eller anna relevant 3 årig helsefagleg utdanning, gjerne med relevant vidareutdanning.
Du må ha kunnskap om gjeldande lovverk for tenesteytinga
datakunnskap
Relevant praksis, gjerne innafor helsestasjonsarbeid. 
Beherske norsk munnleg og skriftleg. Kravet til språk er minimum bestått språkopplæring på nivå B2
Må ha god kommunikasjonsevne
Du må ha førarkort kl B.

Personlege eigenskapar
Er stabil og fleksibel
Fagleg engasjert
Har godt humør og vilje og evne til å jobbe i eit hektisk miljø
Har evne til å arbeide både sjølvstendig og i team
Det vert vektlagt at ein er personleg eigna

Vi tilbyr
Godt arbeidsmiljø og gode kollegaer
Løn i høve gjeldande avtaleverk
Kommunen er IA-bedrift og har fokus på nærværsarbeid
Gode pensjons- og forsikringsordningar i høve tariffavtale
Fagleg utvikling etter kompetanseplan
Tilsette med fagkompetanse og som har mindre enn 4 års ansiennitet får godkjent 4 års ansiennitet, begynnarløna vert med 4 års
ansiennitet

Tilsettingsvilkår
Løns- og tilsetjingsvilkår i samsvar med gjeldande avtaleverk. Det vert trekt 2 % av lønna i pensjonsinnskot. Kommunen har
prøvetidsevaluering. Prøvetida er 6 månader i faste stillingar.
Ved tilsetting som krev politiattest skal denne ikkje vere eldre enn 3 månader.
Aktuelle søkjarar vert innkalla til samtale eller intervju.

Referanser
Oppgi referanse

Søknad
Vestnes kommune nyttar elektronisk søknadsprosess. Det betyr at det berre er søknader sendt via vårt elektroniske
søknadssystem som vil bli tatt i betraktning.
Det er viktig at du tar deg tid til å svare på spørsmåla vi stiller og registrerer din CV i søknadsskjemaet. Det er ikkje mogleg å
sende med vedlegg. Attestar og vitnemål må derfor takast med til intervju.
Søkjarlista kan bli offentliggjort.

 

  • Bedrift
    Vestnes kommune
  • Søknadsfrist
    20.09.2021
  • Ansettelsesform
    workTime.Dag
  • Bransje
    Offentlig forvaltning
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    6390, VESTNES
    VESTNES
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    4083704
  • Se her for andre jobber fra Vestnes kommune
  • Oppdatert 07.09.2021