• Bedrift
    Øygarden kommune
  • Søknadsfrist
    22.07.2020
  • Ansettelsesform
    workTime.Dag
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    5354, STRAUME
    ØYGARDEN
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    3021334
  • Se her for andre jobber fra Øygarden kommune
  • Oppdatert 07.07.2020
Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Øygarden kommune

Helsesjukepleiar 100% prosjektstilling og 100% vikariat- Barn, unge og familietenester (BUFT)

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Barn, unge og familietenester (BUFT) i Øygarden kommune har ledig ei 100% prosjektstilling og eit 100% vikariat for helsesjukepleiar. 

 

Arbeidsoppgåver:

  • Arbeid i helsestasjon- og skulehelsetenesta

Kvalifikasjonar:

Må ha:

  • Autorisert helsesjukepleiar
  • Gode norskkunnskapar munnleg og skriftleg

Ønskjeleg med:

  • Erfaring frå arbeid  i helsestasjon- og skulehelsetenesta
  • Erfaring og interesse for arbeid med ungdom og arbeid med sårbare familiar
  • Ein må ha interesse for og kunnskap om undervisning til grupper/klasser i skulehelsetenesta

Personlege eigenskapar:

  • Fleksibel
  • Gode samarbeidsevner
  • Sjølvstendig

Anna:

Helsestasjon- og skulehelsetenesta har fått midlar til prosjektstilling for 2020 som skal nyttast til å  utvikla og styrka tilbodet til barn og unge i kommunen. Oppgåvene er varierte og spanande. Prosjektstillinga varer i første omgang ut 2020. Det vert søkt nye midlar årleg.

Det ledige vkariatet er 6 mnd, men med moglegheit for lenging.

Då det er store avstandar i kommunen er det naudsynt at ein har førarkort og disponerer bil i tenesta.

Vi tilbyr:

  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • IA verksemd
  • Motiverte og kunnskapsrike kollegaer
  • Interessante utfordringar
  • Høve til fagleg og personleg utvikling

 

Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.

Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bedeom ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkaren varsla om dette.Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.

 

  • Bedrift
    Øygarden kommune
  • Søknadsfrist
    22.07.2020
  • Ansettelsesform
    workTime.Dag
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    5354, STRAUME
    ØYGARDEN
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    3021334
  • Se her for andre jobber fra Øygarden kommune
  • Oppdatert 07.07.2020