Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Vestnes kommune

Helsesekretær/sjukepleiar - tilkallingsvikar

Offentlig forvaltning

Vestnes legesenter har behov for tilkallingsvikar frå omgåande. Vil du være med på laget saman med oss?

Arbeidet på legesenteret er organisert med rotasjon på 4 arbeidsstasjonar: laboratorium, skiftestue, resepsjon og arkiv. Søkjaren må vere i stand til å arbeide på alle 4 stasjonar.

Laboratorium: Prøvetaking, diverse analyser samt klargjering av prøver til sending. Ta EKG, spirometri og 24 timars blodtrykk.

Skiftestue: Bistå legane i pasientbehandling og gjennomføre behandling ordinert av lege som f.eks. sårbehandling, medikamentinjeksjonar m.m.

Resepsjon: Betjene sentralbord, ta imot pasientar samt handtere oppgåver som desse henvendelsane genererer.

Arkiv: Svare på telefonar og utføre oppgåver i samband med dette, arkivere dokument, sortering av post samt anna førefallande kontorarbeid.

Det er tilsett bioingeniør ved legesenteret.

Kvalifikasjonar
- Du må ha fagbrev som helsesekretær eller autorisasjon som sjukepleiar
- Erfaring frå arbeid ved legekontor
- Beherske norsk muntlig og skriftlig. Kravet til språk er minimum bestått språkopplæring på nivå B2
- Datakunnskap
- Ha gode kommunikasjonsevne

Personlege eigenskapar
- Du må være faglig engasjert
- Ha evne til å arbeide både sjølvstendig og i team
- Det vert vektlagt at ein er personleg eigna
- ha godt humør, vilje og evne til å jobbe i et hektisk miljø

Vi tilbyr
- Godt arbeidsmiljø og gode kollegaer
- Løn i høve gjeldande avtaleverk
- Kommunen er IA-bedrift og har fokus på nærværsarbeid
- Pensjons- og forsikringsordningar i høve tariffavtale

Tilsettingsvilkår
Løns- og tilsetjingsvilkår i samsvar med gjeldande avtaleverk. Det vert trekt 2 % av lønna i pensjonsinnskot.
Kommunen har prøvetidsevaluering. Prøvetida er 6 månader i faste stillingar.
Ved tilsetting som krev politiattest skal denne ikkje vere eldre enn 3 månader.

Referansar
Oppgi referanse

Søknad
Vestnes kommune nyttar elektronisk søknadsprosess. Det betyr at det berre er søknader sendt via vårt elektroniske søknadssystem som vil bli tatt i betraktning.

Søkjarlista kan bli offentleggjort.

Aktuelle søkjarar vert innkalla til samtale eller intervju.