Bedrift
Fjaler kommuneSøknadsfrist
03.09.2024Ansettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
6963, DALE I SUNNFJORD
FJALER
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
5844187Se her for andre jobber fra Fjaler kommune
- Oppdatert 14.08.2024
Utgått annonse
Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert
Fjaler kommune
Helsesekretær på legekontoret 100% vikariat
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Ein av våre tilsette skal ut i permisjon og vi har ledig eit 100% vikariat som helsesekretær frå 21.10.2024 til 21.07.2025 med moglegheit for forlenging av heile eller deler av stillinga.
Som tilsett ved legekontoret får du som kollegaer tre legar, ein turnuslege og to sjukepleiarar og ein helsefagarbeidar. Vi held til i lyse og trivelege lokale på Fjaler helsetun som ligg sentralt til i kommunesenteret Dale.
Vil du vere med å skape eit godt møte mellom legetenesta og innbyggjarane? Då tenkjer vi du kan vere den rette for oss.
Arbeidsoppgåver
- Ekspedisjonsarbeid/pasientkontakt
- Laboratorieoppgåver som blodprøvetaking og -behandling
- Assistere legane
- Journalføring i Infodoc
Kvalifikasjonar
- Helsefagleg utdanning som til dømes sjukepleiar, helsesekretær, helsefagarbeidar og bioingeniør
- God norsk munnleg og skriftleg framstillingsevne
- Gode IKT-kunnskapar
- Den som vert tilsett må legge fram godkjend politiattest og tuberkulinerklæring
Personlege eigenskapar
- Interesse for å arbeide med menneske
- Sørvisorientert
- Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
- Kan arbeide løysingsorientert i eit travelt miljø og samtidig ha eit godt humør
Vi vektlegg at ein er personleg eigna for stillinga.
Vi tilbyr
- Løn etter utdanning og erfaring
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Trivelege kollegaer
Ta gjerne kontakt med oss om du har spørsmål til stillinga, så får du meir informasjon om legekontoret og om arbeidsoppgåvene.
Vi gjer merksam på at søkjarliste med namn, kjønn, alder og noverande stilling i utgangspunktet er offentleg. Dersom det ikkje er særlege grunnar for å unnta offentleggjering, vil søkjaren verte kontakta og få høve til å trekke søknaden sin før søkjarliste vert gjort offentleg.
Bedrift
Fjaler kommuneSøknadsfrist
03.09.2024Ansettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
6963, DALE I SUNNFJORD
FJALER
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
5844187Se her for andre jobber fra Fjaler kommune
- Oppdatert 14.08.2024