Detaljer

  • Bedrift
    Øygarden kommune
  • Søknadsfrist
    31.12.2020
  • Sted:
    Straume
  • Stillingstype:
    Varierande arbeidstid
  • Bransje:
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav:
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring:
    Ønskelig
  • Fylke:
    Vestland
  • Arbeidssted:
    Straume
  • Land:
    NORGE
  • Antall stillinger:
    1
  • karriere-kode:
    3288648
  • Se her for andre jobber fra Øygarden kommune

Helsepersonell til smittevern og smittesporing

Er du helsepersonell og har lyst på mellombels jobb med smittevern i Øygarden kommune?

Vi treng ringevikarar til å være med å bygge beredskap for desse viktige oppgåvene fram til over sommaren 2021.

Avdelinga har ei vesentleg rolle i kommunen si handtering av koronaepidemien .

Vi har ansvar for testing, informasjon, timebestilling og smittesporing.  

 Arbeidsoppgåver:

  • Smittesporing
  • Testing
  • Informasjonstelefon og timebestilling

Kvalifikasjonar: 

Vi ynskjer fortrinnsvis helsesekretærar, sjukepleiarar og helsesjukepleiarar , men også anna helsepersonell kan væra aktuelle . Vi oppmodar og pensjonert helsepersonell til å søkje og bidra i dette arbeidet . Det er naudsynt at ein er vant med bruk av pc som arbeidsverktøy og det er ein fordel om ein er kjend med bruk av info doc elektroniske pasientjournal.

Personlege eigenskapar:

  • Gode kommunikasjonsevner
  • Raskt tar til deg ny kunnskap og endringar i regelverk frå vakt til vakt
  • God IKT kunnskap
  • Er imøtekommande og serviceinnstillt
  • God på å jobbe i team

Anna:

  • Aktuelle kandidater vil verta kontakta fortløpande
  • Arbeidet er timebasert og løn vert fastsett etter gjeldande tariff
  • Arbeidsplass vil væra på Straume ved Sotra Arena og Øygarden lokalmedisinkse senter

Vi tilbyr:

  • Eit engasjerande fagmiljø med motiverte og gode kollegaer som ynskjer å gjera ein  skilnad
  • Opplæring som er relevant for arbeidsoppgåvene
  • Utfordrande og spanande arbeidsoppgåver

 

Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.

Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bedeom ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkaren varsla om dette.Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.