Bedrift
Øygarden kommuneSøknadsfrist
31.01.2022Ansettelsesform
workTime.Varierande arbeidstidBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
, STRAUME
ØYGARDEN
search.country.NORGEAntall stillinger
1karriere-kode
4271049Se her for andre jobber fra Øygarden kommune
- Oppdatert 17.12.2021
Utgått annonse
Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert
Øygarden kommune
Helsepersonell til koronateamet
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Koronateamet i Øygarden kommune ivaretar alle oppgåver knytt til handtering av pandemien. Vi har varierte og spanande oppgåver. Vi jobber i team og har eit godt arbeidsmiljø. No trappes det opp for 3. dose vaksine og vi arbeider aktiv med TISK strategien i kommunen. Øygarden kommune er på jakt etter fleire medarbeidarar, håpar du vil vera med på laget?
Vi treng føljande helsepersonell:
- Sjukepleiar
- Helsesekretær
- Sjukepleiarstudentar
- Anna medisinsk personell
Arbeidsoppgåver:
- Koronatelefon
- Testing
- Smittesporing
- Vaksinering
- Akutt beredskap
Andre kvalifikasjonar:
Erfaring med bruk av elektonisk journalsystem: Infodoc, Helseboka er ein fordel
Ønskjeleg med erfaring med bruk av excel
Gode norskkunnskapar skriftleg og munnleg
Personlege eigenskapar:
- Serviceinnstillt
- Løysningsorientert
- Fleksibel
- Effektiv
- Evne til å jobbe systematisk og sjølvstendig
- Evne til raskt setja seg inn i ny informasjon
- Trivast i eit hektisk miljø
Arbeidstid:
Arbeid i hovudsak på dagtid.
Varigheit:
Tilkallingsvikarar i periodar eller midlertidig tilsetjing 3-6 månadar avhenging av behov.
Oppstart: snarast
Vi tilbyr:
- Deltaking i eit viktig samfunnsprosjekt
- Interessante faglege utfordringar
- Unik erfaring med arbeid i krisesituasjonar
- Løn etter tariff
Rekruttering skjer fortløpande og etter behov.
Spørsmål om stillingane kan rettast til :
Elise Bergsagel
Rådgjevar og Leiar TISK
Telefon: 95 93 51 69
Mail : elise.bergsagel@oygarden.kommune.no
Gunn Helen Gauteplass
Personalkonsulent
Tlf: 56 16 15 76
Mail: gunn.gauteplass@oygarden.kommune.no
Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bedeom ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkaren varsla om dette.Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.
Bedrift
Øygarden kommuneSøknadsfrist
31.01.2022Ansettelsesform
workTime.Varierande arbeidstidBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
, STRAUME
ØYGARDEN
search.country.NORGEAntall stillinger
1karriere-kode
4271049Se her for andre jobber fra Øygarden kommune
- Oppdatert 17.12.2021