• Bedrift
    Øygarden kommune
  • Søknadsfrist
    26.02.2023
  • Heltid/Deltid
    Deltid
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    , STRAUME
    ØYGARDEN
    search.country.NORGE
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    5006935
  • Se her for andre jobber fra Øygarden kommune
  • Oppdatert 11.02.2023
Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Øygarden kommune

Helsefagarbeider 75% fast på Fjell sjukeheim, somatisk avd.

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Øygarden kommune er den nest største kommunen i Vestland fylke med omlag 38 500 innbyggjarar og 2 500 tilsette. Straume er kommunesenter, ca. 15 minutt køyring frå Bergen, med kommunedelsenter på Rong og i Skogsskiftet.


Øygarden kommune har sett seg som mål å vera ein framtidsretta og kunnskapsbasert samfunnsutviklar med fortrinn innanfor energi, teknologi og marine ressursar. Kommunen skal løfta fram viktige verdiar som felles kultur, språk og identitet. Vi har ambisjonar om å vera ein handlekraftig og effektiv organisasjon med god leiing, høg kompetanse og kvalitet.

Om avdelinga:

Fjell sjukeheim ligg sentralt på Straume.

Sjukeheimen har 48 pasientar fordelt på somatisk avdeling med 40 pasientar  og dementavdelinga med 8 pasientar.

Somatisk avdeling har avlastningsplassar, korttidsplassar og langtidsplassar.

Det er eit godt og triveleg fagmiljø og arbeidsmiljø. Avdelinga har god dekning med sjukepleiarar, helsefagarbeidarar, leger og  musikkterapeut. Pasientane får  fysioterapi og ergoterapi etter behov.

 

Arbeidsoppgåver:

  • Helsefaglege oppgåver
  • Ivareta pasientanes individuelle behov
  • Dokumentasjon
  • Rettleiing, undervisning og tverrfagleg samarbeid.

 

Kvalifikasjonar: 

  • Autorisasjon som helsefagarbeidar

 Ønskjeleg med:

  • Erfaring frå sjukeheim

 

Eigenskapar:

  • Ønskjer å jobbe med eldre sjuke menneskjer
  • Serviceinnstilt og tek avgjerdar
  • Evne til å takla stress og hektiske situasjonar når det er naudsynt
  • Fleksibel og strukturert
  • Målbevisst og resultatorientert
  • Bidrar til godt arbeidsmiljø ved å fremma det positive

 

Anna :  

  • Turnus dag/kveld , og 3. kvar helg.
  • Vi har årsturnus
  • 25% av stillinga er knytt til timebank

 

Vi tilbyr:

  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • IA-bedrift
  • Motiverte og kunnskapsrike kollegaer
  • Interessante utfordringar
  • Høve til fagleg og personleg utvikling

 

Dersom det vert ein intern søkjer som får stillinga, kan det bli gitt tilbod om anna stilling som då vert ledig

 

Kontakt:  

Avd.leiar May-Britt Hægland  tlf 55 09 74 03 / 951 60 647   

Einingsleiar: Ruth N Bakke: tlf: 55 09 74 13/ 90 36 01 10

             mail: ruth.bakke@oygarden.kommune.no

                  

Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.

Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bede om ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkaren varsla om dette.

Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.

 

  • Bedrift
    Øygarden kommune
  • Søknadsfrist
    26.02.2023
  • Heltid/Deltid
    Deltid
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    , STRAUME
    ØYGARDEN
    search.country.NORGE
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    5006935
  • Se her for andre jobber fra Øygarden kommune
  • Oppdatert 11.02.2023