Bedrift
Øygarden kommuneSøknadsfrist
28.11.2023Heltid/Deltid
DeltidAnsettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
5354, STRAUME
ØYGARDEN
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
5448702Se her for andre jobber fra Øygarden kommune
Øygarden kommune
Helsefagarbeider 50% fast natt, Straume bu og servicesenter
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Om avdelinga:
Er du helsefagarbeidar og vil jobbe i eit triveleg og godt arbeidsmiljø med spanande og varierte oppgåver?
Straume bu og servicesenter er eit unikt og levande senter lokalisert sentralt på Straume. Vi har ei flott personalgruppa som saman gjer sitt beste for at våre bebuarar skal få væra aktiv, oppleva tryggleik og meistring. På senteret jobbar det sjukepleiarar, vernepleiarar, musikkterapeut, helsefagarbeidarar og assistentar.
Det er no ledig 50% fast stilling på natt, knytt opp mot våre 3 bufellesskap med heildøgns omsorg. Stillingane kan aukast med timebank.
Arbeidsoppgåver:
- Du må trives saman med menneskjer og ønskje å yte ditt beste for å ivareta våre brukarar. Dei vi skal hjelpa har ulike behov, og du må kunne utføre varierte oppgåver hos dei ulike bebuarane.
- Ivareta brukars individuelle behov
- Pleie og omsorg av bebuarar ved senteret
- Medansvarleg for eit godt sosialt og fagleg arbeidsmiljø
- Dokumentasjon i gjeldande fagjournal
- Kjenna til og etterleva gjeldande rutiner i vårt kvalitetssystem
Kvalifikasjonar:
Må ha:
- Autorisasjon som helsefagarbeidar
- Gyldig politiattest
Ønskjeleg med:
- Ønskjeleg med erfaring frå heimeteneste, eldreomsorg eller bufellesskap
Personlege eigenskapar:
- Du er faglig engasjert og trygg i rolla som fagperson
- Du er god til å arbeida både sjølvstendig og i team
- Du har eit godt humør og bidrar aktivt til eit godt arbeidsmiljø
- Du er løysingsorientert
- Du engasjerer deg, og er positiv i møte med både bebuarar og pårørande
- Du liker nye utfordringer
Anna:
- Stillinga er ledig frå snarast
Vi tilbyr:
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- IA-bedrift
- Motiverte og kunnskapsrike kollegaer
- Interessante utfordringar
- Høve til fagleg og personleg utvikling
- Startlån
Kontakt:
Helen Ågotnes, einingsleiar, tlf 930 93 183
Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bedeom ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkaren varsla om dette.Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.
Bedrift
Øygarden kommuneSøknadsfrist
28.11.2023Heltid/Deltid
DeltidAnsettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
5354, STRAUME
ØYGARDEN
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
5448702Se her for andre jobber fra Øygarden kommune