Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Vestnes kommune

Helsefagarbeider 100% stilling

Offentlig forvaltning


Stillingstype

Arbeidssted Bakketun ligg i nærleiken av Vestnes sentrum.  Eining for Aktivisering og meistring yt tenester til personar i ulik alder og funksjonsnivå. Tjenesten ytes i den enkeltes heim og er individuelt tilrettelagt.

Stillinga er disponert på natt (passiv/aktiv), med arbeid anna kvar helg.

Arbeidsoppgåver
- ivaretaking av tenestemottakarens behov for omsorg og innhald i kvardagen
- utføre arbeid og rutiner og gjennomføre prosedyrer i tråd med aktuelt lovverk, dagsplaner, miljøreglar og oppfølging av desse
- delta i gjennomføring og evaluering av tiltak med bruk av tvang med heimel i Helse- og omsorgstenestelova kap. 9
- ivareta krav i høve dokumentasjon
- legemiddelhåndtering

Kvalifikasjonar
Vi søkjer etter deg som er autorisert helsefagarbeidar, hjelpepleiar eller omsorgsarbeidar:

- du må kunne tilegne deg kunnskap om gjeldande lovverk for tenesteytinga, særskilt Helse- og omsorgstenestelova kap.9
- det er ønskeleg med kunnskap/erfaring frå arbeid med personar med psykisk utviklingshemming, eldre/geriatri og psykisk helse
- beherske målretta miljøarbeid og kunne legge til rette for ein aktiv kvardag i og utanfor heimen
- det er ønskjeleg med erfaring frå målretta miljøarbeidarbeid i Norge
- det er ønskeleg med kompetanse i handtering av utfordrande atferd- datakunnska
- relevant praksis
- beherske norsk munnleg og skriftleg. Kravet til språk er bestått norsk på nivå B1/B2
- ha gode kommunikasjonsevne

Personlege eigenskapar
- du må være fagleg engasjert
- ha evne til å arbeide både sjølvstendig og i team
- det vert vektlagt at ein er personleg eigna
- ha godt humør, vilje og evne til å jobbe i eit hektisk miljø

Vi tilbyr 
- godt arbeidsmiljø og gode kollegaer
- løn etter gjeldande avtaleverk
- kommunen er IA-bedrift og har fokus på nærværsarbeid
- pensjons- og forsikringsordningar etter tariffavtale
- løn i høve gjeldande avtaleverk

Tilsettingsvilkår
Løns- og tilsetjingsvilkår i samsvar med gjeldande avtaleverk. Det vert trekt 2 % av lønna i pensjonsinnskot. Kommunen har prøvetidsevaluering. Prøvetida er 6 månader i faste stillingar. Ved tilsetting som krev politiattest skal denne ikkje vere eldre enn 3 månader. Aktuelle søkjarar vert innkalla til samtale eller intervju.

Referanser
Oppgi referanser.

Søknad
Vestnes kommune nyttar elektronisk søknadsprosess. Attestar og vitnemål må takast med til intervju.
 
Søkjarlista kan bli offentliggjort.