Bedrift
Vaksdal kommuneSøknadsfrist
17.09.2023Heltid/Deltid
DeltidAnsettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
5722, DALEKVAM
VAKSDAL
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
5228917Se her for andre jobber fra Vaksdal kommune
- Oppdatert 04.09.2023
Utgått annonse
Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert
Vaksdal kommune
Helsefagarbeidarar ved omsorg pluss, vikariat
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Ledig vikariat ved omsorg pluss
Ved omsorg pluss er det ledig svangerskapsvikariat på 60%, og er ledig frå 25. august 2023 - september 2024, med mogleg forlenging.
Vaksdal kommune har som hovudmål å styrka dei lågaste trinna på omsorgstrappa, at den enkelte brukar skal kunne henta ut sine eigne ressursar uavhengig av funksjonsgrad.
Stikkord for tenesta er læring og meistrnig, kvardagsrehabilitering og velferdsteknologi
Om omsorg pluss
Omsorg pluss har eigen turnus knytt til 5 omsorgsbustader, med ein tilsett på arbeid dag og ein tilsett på kveld.
Arbeidsoppgåver består i oppfølging av bebuarane, individuelt tilpassa deira funksjonsnivå. Legge til rette for meistring og sjølvstende, og støtte dei der dei treng i daglege gjeremål.
Arbeidsoppgåver ved omsorg pluss vil mellom anna vere
- Planarbeid/oppfølging av planar både individuelt og i gruppe
- Kontakt og samarbeid med pårørande
- Medisinsk oppfølging
- Stell og pleie med fokus på kvardagsmeistring
- Miljøarbeid og støtte i kvardagsaktivitetar
Krav til kompetanse
- Helsefagarbeidar, eller anna relevant fagbrev. Vidareutdanning innan psykiatri eller liknande vil telle positivt.
- Søkjarar utan formell utdanning kan bli vurdert
- Krav om godkjend politiattest
- Førarkort klasse B
Me oppfordrar fast tilsette som ynskjer stillingsoppauke å søkje
Personlege eigenskapar
- Du må vera kreativ og engasjert, med evne til å arbeide på nye og innovative måtar
- Du er fagleg trygg, modig og raus - og evnar å gjere tenesta, tilsette og brukarar gode
- Du må like å arbeide sjølvstendig og å ta ansvar på vakter
- Gode kommunikasjonsferdigheiter og evne til samarbeid i eit tverrfagleg perspektiv
- God norskkunnskap, både munnleg og skriftleg
- Løysingsorientert, med stor evne til gjennomføring
- Generelt gode datakunnskapar
- Likar du i tillegg travle dagar og å arbeide kunnskapsbasert, så er du kanskje interessert?
Personlege eigenskapar vert vektlagt, særskilt evne til å arbeide sjølvstendig og å vera fagleg trygg.
Vaksdal kommune kan tilby
- Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
- Kompetente og engasjerte kollegaer
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Individuell oppfølging
- Moglegheiter for støtte til etter- og vidareutdanning
- Løn i tråd med tariffavtaleverk
Slik søkjer du
Klikk på "send søknad" og følg vidare instruksjonar.
Har du søkt på stilling i Vaksdal via EasyCruit før er brukarnamn ofte e-posten du brukte.
Treng du hjelp, kan du venda deg til HR-rådgjevar: på e-post tiril.h.langhelle@vaksdal.kommune.no eller tlf 95 52 75 04
Bedrift
Vaksdal kommuneSøknadsfrist
17.09.2023Heltid/Deltid
DeltidAnsettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
5722, DALEKVAM
VAKSDAL
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
5228917Se her for andre jobber fra Vaksdal kommune
- Oppdatert 04.09.2023