• Bedrift
    Øygarden kommune
  • Søknadsfrist
    31.01.2022
  • Sted:
    STRAUME
  • Stillingstype:
    Skift/turnus
  • Bransje:
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav:
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring:
    Ønskelig
  • Fylke:
    VESTLAND
  • Arbeidssted:
    STRAUME
  • Land:
    NO
  • Antall stillinger:
    1
  • karriere-kode:
    4326922
  • Se her for andre jobber fra Øygarden kommune

Helsefagarbeidarar søkjes til ny korttidsavdeling- Øygarden lokalmedisinske senter

Øygarden kommune

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Øygarden lokalmedisinske senter inneheld ulike helsetenester, både kommunale, fylkeskommunale og private, i tillegg til spesialisthelseteneste.

Mai 2022 skal vi opne ei ny korttidsavdeling for 10 pasientar. Korttidsavdelinga er i kommunal regi, og er lokalisert i 2.etg. på LMS. Bemanninga i 2. etg vil i tillegg kunne bli brukt mot intermediær og korttidsavdeling, samt ØH hjelp og palliasjon i 3. etg. Målet på sikt er at denne avdelinga skal bli omgjort til ei rehabiliteringsavdeling.

Til saman skal vi tilsette 21 personar i 12 årsverk og søkjer autorisert helsepersonell i fortrinnsvis til vår nye avdeling. Stillingane inngår i årsturnus, fortrinnsvis med arbeid 16 helgar. 

Vi søkjer helsefagarbeidarar til faste stillingar:

  • 2 x 90% stilling
  • 1 x 90% stilling i langvakt 12 timar
  • 1 x 80% stilling
  • 3 x 50% stilling
  • 6 x 15% stilling på helg

Arbeidsoppgåver:

  • Oppfølging av pleie og behandling av pasientane
  • Arbeide for å hjelpe pasienten til å nå sine mål
  • Arbeide lojalt og aktivt med Øygarden lokalmedisinske sine kvalitetsrutinar og fagprosedyrar
  • Rettleiing, opplæring og utviklingsarbeid
  • Tverrfagleg arbeid
  • Vere ein god rollemodell for å skape eit kreativt og utviklande fagmiljø
     

Kvalifikasjonar: 

  • Autorisert helsefagarbeidar
  • Studentar innan helsefag og kandidatar med relevant 3- årig høgskuleutdanning kan verta vurdert
  • Må beherske norsk munnleg og skriftleg
  • Erfaring frå arbeid med liknande pasientgrupper vil bli vektlagt

Personlege eigenskapar:

  • Du er fagleg dyktig og held deg oppdatert
  • Du er opptatt av pasienten sin rett til medbestemmelse og involverar pårørande
  • Du tykkjer det gjer meining at dei fleste pasientane har nytte av opptrening og rehabilitering, og vil jobbe for måla som blir sett for pasienten
  • Du viser engasjement i arbeidet ditt, har godt humør og tek eit tak når det trengs
  • Du har respekt for andre og deler din kunnskap med dei som treng det
  • Du er er open, nysgjerrig, finn løysingar og gjer beskjed når det trengs
  • Du ønskjer eit spanande fagmiljø med godt kollegafellesskap
  • Du har gode IT-kunnskap

 

Anna:

  • Ved intern tilsetjing kan anna stilling verta ledig
  • Skriv i søknaden kva stilling du søkjer på

Vi tilbyr:

  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • IA-bedrift
  • Motiverte og kunnskapsrike kollegaer
  • Interessante utfordringar
  • Høve til fagleg og personleg utvikling

 

 

Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.

Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bedeom ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkaren varsla om dette.Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.

 
  • Bedrift
    Øygarden kommune
  • Søknadsfrist
    31.01.2022
  • Sted:
    STRAUME
  • Stillingstype:
    Skift/turnus
  • Bransje:
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav:
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring:
    Ønskelig
  • Fylke:
    VESTLAND
  • Arbeidssted:
    STRAUME
  • Land:
    NO
  • Antall stillinger:
    1
  • karriere-kode:
    4326922
  • Se her for andre jobber fra Øygarden kommune