Bedrift
Øygarden kommuneSøknadsfrist
11.06.2023Heltid/Deltid
DeltidAnsettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
5354, STRAUME
ØYGARDEN
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
5210138Se her for andre jobber fra Øygarden kommune
Øygarden kommune
Helsefagarbeidarar, 85% og 80% fast stilling, Sundheimen
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Vi har to ledige helsefagarbeidarstillinger på somatisk avdeling da ein av våre tilsette pensjonerer seg og ein søkjer andre utfordringar. Er du vår nye medarbeidar i eit spennande, triveleg og utviklande arbeidsmiljø?
Sundheimen, lokalisert i Skogsskiftet er ein kommunal sjukeheim med 44 senger. Det er to avdelingar, somatisk og demens.. Kvar avdeling er delt inn i grupper på 8 – 10 pasientar. Sundheimen har i hovudsak langtidspasientar med komplekse og samansatte diagnoser.
Som helsfagarbeider hos oss får du jobba i eit tverrfagleg team i eit kunnskapsrikt og inkluderande arbeidsmiljø. Vi har god helsefag- og sjukepleiarkompetanse der vi har fokus på omsorg og tryggleik både i ei aktiv behandlande fase og i ei palliativ fase
Arbeidsoppgåver:
- Pasientretta arbeidsoppgåver i sjukeheimsavdeling
- Dagleg avdelingsarbeid
- Ha fokus på pasientar og bidra til tverrfagleg samarbeid
- Rettleie, lærlingar og elevar
- Delegert ansvar for medikamenthandtering
- Sørgje for god samhandling og dokumentasjon i gjeldande fagsystem
Kvalifikasjonar:
- Norsk autorisasjon som helsefagarbeidar
- Gyldig arbeids- og opphaldsløyve
- Relevant erfaring innan eldreomsorg
Må ha:
- Autorisasjon som helsefagarbeidar
- Gode norskkunnskapar munnleg og skriftleg
- Digital kompetanse
- Gyldig politiattest, ikkje edre enn 3 månader
Eigenskapar vi ser etter:
- Gjerne erfaring frå arbeid i eldreomsorg
- Har god evne til å arbeide sjølvstendig og strukturert
- Du er lærelysten, tek ansvar og nyttar kunnskap i praksis
- Du er løysningfokusert og engasjert,
- Du er fleksibel og positiv.
- Har ønskjer om å skape gode augneblikk for pasientar
- Gode kommunikasjons- og samhandlingsferdigheiter
- Bidrar til godt arbeidsmiljø ved å fremma det positive
- Du er trygg i dialog med pårørande og kommuniserer tydeleg
- Personleg eignahet blir vektlagt
Anna:
Stillingene inngår i årsplan med arbeid dag /kveld og 16 helger pr år. Ved internt opprykk kan andre stillingar bli aktuelle og vil bli vurdert av same søkarmasse.
85 % stilling har 22 % av stillinga er plassert i timebank. Start 1. juli 23
80 % stilling har 10 % plassert timebank. Start 1. oktober
Vi tilbyr:
- Variert arbeid i positivt miljø
- Motiverte og kunnskapsrike kollegaer
- Faglege utfordringar
- Høve til fagleg og personleg utvikling
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- IA bedrift
- Gratis parkering
Kontakt:
Einingsleiar : Janne Thode , 56160400/45044569 janne.thode@oygarden.kommune.no
Avdelingsleiar : Irene Sylte Glesnes , 56160400 / 91737554 Irene.glesnes@oygarden.kommune.no
Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bedeom ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkaren varsla om dette.Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.
Bedrift
Øygarden kommuneSøknadsfrist
11.06.2023Heltid/Deltid
DeltidAnsettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
5354, STRAUME
ØYGARDEN
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
5210138Se her for andre jobber fra Øygarden kommune
-
Faste helgestillingar 15-20%, Sundheimen
Øygarden kommune
Skogsvåg -
Helsefagarbeidar/spl.student/assistent til 13% og 17% fast, Fjell sjukeheim
Øygarden kommune
Straume -
Sjukepleiar 75% fast, demensavdeling Fjell sjukeheim
Øygarden kommune
Straume -
Sjukepleiar 100% fast, Fjell sjukeheim
Øygarden kommune
Straume -
Helsefagarbeidar 75% fast, Heimetenesta sone nord
Øygarden kommune
Rong