Ledig stilling

Sunnfjord kommune

Helsefagarbeidarar

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Sande omsorgssenter ligg sentralt i Sunnfjord kommune, like ved E-39 og ca 20 minutt frå Førde. Heimetenestene og institusjonen er samlokalisert, og vi ønsker no å samarbeide tettare.

Institusjonen har 40 sengeplassar fordelt på to avdelingar og har 35 årsverk. Vi har ein demensavdeling med 8 plassar, 2 langtidsavdelingar med 32 plassar inkludert eit palliativt- og eit avlastningsrom.  Vi har lærlingar, elevar og studentar som er jamt innom for opplæring og bidreg til eit positivt og utviklande miljø.

Heimetenestene på Sande yt hjelp og rettleiing til eldre, sjuke, eller personar med funksjonsnedsetting som bur heime. Arbeidsoppgåvene er varierte og inneber bl.a. stell, pleie, medikamenthandtering, sårstell, oppfølging av ernæring og tverrfagleg samarbeid. Demensomsorg, kreftomsorg, lindrande behandling og integrering av velferdsteknologiske løysingar er nokre av fokusområda våre.

Omtale av stillingane

Vi trur at samarbeid er nøkkelen til suksess! Vi søker no etter engasjerte og dyktige helsefagarbeidarar som ønsker å jobbe på tvers av heimetenesta og institusjonen på Sande. Du vil få moglegheit til å jobbe med spennande og utfordrande oppgåver, samtidig som du bidrar til å skape ein positiv og inkluderande arbeidsplass.

Vi kan tilby turnus med 3. kvar helg og vanlege vakter, eller 4. kvar helg med langvakter og/eller ein kombinasjon. Vi legg til rette for turnusordningar som gjev deg fleksibilitet og mulighet til å påvirke din arbeidsdag.

Bli med oss og gjer ein forskjell!

Vi søker deg som:
  • er helsefagarbeidar
  • har ønske og glede av å arbeide med mennesker med ulike hjelpebehov
  • evnar å tilpasse deg ulike arbeidssituasjonar og finne gode løysingar i samarbeid med andre
  • har eit fagleg engasjement og vil utvikle gode tenester
  • evnar både til å jobbe sjølvstendig på oppdrag og i team
  • er trygg på eigne avgjerder
  • er strukturert, ansvarsbevisst og løysingsfokusert
  • er fleksibel og likar utfordringar
  • bidreg til eit positivt og godt arbeidsmiljø

Stillingane er faste og i 100 % stilling. 

Vi tilbyr:
  • eit drivande godt arbeidsmiljø og engasjerte kollegaer
  • ein arbeidsplass der vi ser og oppmuntrar kvarandre
  • pasientnært og fagleg fokus
  • spennande og faglege utfordringar
  • leiing som er nær
Krav til søkar:
  • norsk autorisasjon som helsefagarbeidar
  • gyldig politiattest
  • førarkort klasse B
  • du må kunne kommunisere godt norsk både skriftleg og munnleg

Søkarar som ikkje har relevant utdanning, men har interesse for fagfeltet kan søke, men vert då tilsett  i mellombels stilling på 6 mnd.

Velkommen som søkar, vi ser fram til å høyre frå deg!

Alle søkarar kjem på offentleg søkarliste, jf. offentleglova § 25. Fritak frå offentleggjering blir gjort unntaksvis og du må grunngje kvifor du skal unntakas offentlegheit i tekstfeltet til søknaden.