• Bedrift
    Sogndal kommune
  • Søknadsfrist
    26.02.2023
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    , Leikanger
    SOGNDAL
    search.country.NORGE
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    4960864
  • Se her for andre jobber fra Sogndal kommune
  • Oppdatert 09.02.2023
Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Sogndal kommune

Helsefagarbeidarar

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Om stillingane:

Leikanger sjukeheim og heimeteneste har ledig følgjande stillingar:

· 100% helsefagarbeidar vikariat i todelt turnus frå 01.04.23-01.04.24 på sjukeheimen.

· 26,76% helsefagarbeidar fast stilling på natt 3. kvar helg i heimetenesta.

· 13% helsefagarbeidar fast stilling todelt turnus 3. kvar helg i heimetenesta – assistentar og elevar/studentar på helsefag vil og bli vurdert for denne stillinga.

 

Arbeidsoppgåver:

· Heilskapleg pleie og omsorg til bebuarar på sjukeheim og heimebuande

· Medansvarleg for at det vert laga og gjennomført tiltak og behandling i samsvar med den enkelte brukar, sjukepleiar og behandlingsteam

· Bidra til aktivitet og omsorg som fremmer livskvalitet

· Ansvar for journalføring og kommunikasjon med brukar og pårørande ut ifrå retningslinjer

· Rettleia og følgje opp elevar og lærlingar

· Med på prosjekt og gruppearbeid for å fremme fagkompetanse og kvalitet i pleie

· Være medansvarleg for eit godt arbeidsmiljø

 

Kvalifikasjonar:

· Godkjent hjelpepleier/helsefagarbeidar

· Godkjent vernepleiar med norsk autorisasjon

· Kjennskap til dokumentasjonsprogrammet Gerica er ein fordel

· Ønskjeleg med relevant erfaring innan demens, geriatri/psykiatri eller rehabilitering

· Beherske norsk, skriftleg og munnleg

· Heimetenesta har krav om førarkort kl.B

· Datakunnskap

 

Personlege eigenskapar:

· Løysingsfokusert

· Fagleg engasjert med interesse for eldreomsorg

· Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner

· Fleksibel, ansvarsfull og serviceinnstilt.

· Personlege eigenskaper vil verte vektlagde

 

Me tilbyr:

· Ein spanande jobb i eit godt arbeidsmiljø.

· Gode pensjons- og forsikringsordningar

· Gode velferdsordningar

· Godt fagleg miljø

· Løn etter avtale

 

Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegla folkesetnaden elles. Me oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. Me legg vekt på å leggje til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det.

Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader. Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.

Søknadar må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt  EasyCruit.

 

 

  • Bedrift
    Sogndal kommune
  • Søknadsfrist
    26.02.2023
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    , Leikanger
    SOGNDAL
    search.country.NORGE
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    4960864
  • Se her for andre jobber fra Sogndal kommune
  • Oppdatert 09.02.2023