Bedrift
Ål KommuneSøknadsfrist
16.02.2025Ansettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltningUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
3570, ÅL
ÅL
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
6032044Se her for andre jobber fra Ål Kommune
Ål Kommune
Helsefagarbeidar - ved langtidsavdelinga (Stugu)
Offentlig forvaltning
Har du lyst å vere med å vidareutvikle tenester med høg fagleg kvalitet med fokus på å skape ein trygg og god dag for våre bebuarar og god pårørandestøtte?
Har du eit særleg ønskje om å jobbe med tverrfagleg pasientbehandling med fokus på demensomsorg og geriatri?
Me søkjer deg som likar å jobbe med menneske og som spreier livsglede til folka omkring deg.
Me har behov for fleire helsefagarbeidarar på avdeling Stugu. Ål kommune ønskjer å tilsette i opptil 100 % faste og midlertidige stillingar, annan stillingsstorleik kan avtalast ved tilsetting. Me ønskjer oss kollegaer med gode omsorgsevner, som er endringsorienterte og som trivst med å jobbe mot felles mål.
Som tilsett i Ål kommune blir du en del av eit team som vektlegg gode dagar, trivsel og kvalitet i møte med pasientar, pårørande og kollegaer. Du vil ha gode kollegaer rundt deg som står klar for å hjelpe og støtte deg. Tverrfagleg samarbeid står i fokus. Det er tett samarbeid avdelinga sine tilsette, trivselskoordinator, fysioterapeut, ergoterapeut og sjukeheimslegen.
Me har pasientgrupper med mange ulike og samansette diagnosar, ingen dag vil vere lik. Me har fokus på meistring og aktivitet, som VIPS - praksismodell og hjelpemiddel.
Det blir lagt til rette for at du kan vidareutvikle din kunnskap gjennom god opplæring, internkurs og vidareutdanning.
Arbeidsoppgåver kan vere
- gje heilskapleg og individuell omsorg gjennom tett tverrfagleg samarbeid
- observere og i samarbeid med andre lage gode pleie- og tiltaksplanar
- medikamenthandtering etter gjeldande prosedyre
- ta initiativ til aktivitet, skape glede og den gode samtale med bebuaren
- vere aktiv pådrivar for at våre pasientar får brukt sine eigne ressursar på en god måte, og bidra til at dei opplever ein høg grad av livskvalitet
- tett og godt samarbeid med pasientar og pårørande
- vere aktiv pådrivar for å skape godt fagmiljø og samarbeid mellom faggrupper
- kontinuerleg forbetrings- og utviklingsarbeid
- rettleie studentar, elevar og medarbeidarar
- dokumentasjon og journalføring i samsvar med gjeldande lover, forskrifter og retningsliner. Ål kommune nyttar Gerica som journalsystem
Me ønskjer å jobbe med deg som
- har norsk autorisasjon som helsefagarbeidar eller hjelpepleiar, gjerne med relevant vidareutdanning.
- har, eller er villig til å skaffe deg godkjent kurs i medikamenthandtering
- trivs med helse- og omsorgsarbeid samt tilrettelegging for meistring og gode opplevingar
- er raus, fleksibel, samarbeidsvillig og har evne til nytenking
- har gode samarbeids- og kommunikasjonsevner og har evne til å skape tillit
- vil vere aktiv bidragsytar til kunnskapsbasert praksis og utvikle eigen arbeidsplass
- er pliktoppfyllande / påliteleg, lojal og grundig
- trivst med utfordringar og er løysingsorientert
- har gode norskkunnskapar (B2) og datakunnskapar
Det blir lagt stor vekt på personlege eigenskapar.
Me tilbyr
- positive og trivelege kollegaer i eit godt arbeidsmiljø
- kalenderplan og forhandlingsturnus, der det blir lagt til rette etter eige ønskje med langvakter og komprimert turnus
- fagleg spennande, utfordrande og varierte arbeidsoppgåver
- høgt fagleg nivå og god fagdekking
- høve til fagleg og personleg utvikling.
- fadder på jobb og fadder for nytilflytta, velkomsttreff og personleg oppfølging av deg som ny i Ål
- rabattert pris på treningssenter
- lønn etter gjeldande tariffavtale og gode pensjonsordningar. Arbeidsforholdet er regulert av Hovudtariffavtala. Gunstige lokale tillegg for kompetanse og ansiennitet
Utdanning, opplæring og kurs
Ål kommune legg til rette for relevant vidareutdanning, og det er godt organisert internopplæring og kurs. Gjennom Halllinghelse blir det lagt til rette for mellom anna mobilt ferdigheitstrening og regionale fagkurs.
Bu og jobbe i Ål
Ål er ein spennande møteplass mellom aust og vest, med eit rikt mangfald av arbeidsplassar og fritidstilbod. Dette er draumeplassen for deg som likar friluftsliv, kultur og eit kortreist og køfritt kvardagsliv. Her gjev naturopplevingar sommar og vinter, kulturopplevingar og eit stort tal arrangement grunnlaget for det gode liv!
Her er bu- og levekostnadene rimelegare enn i dei store byane, noko som gjer at du kan bruke pengane på å realisere draumane dine; anten det er å vere meir ute, reise eller skape noko sjølv. I Ål ynskjer vi å legge til rette for at nytilflytta kjenner seg sett, møtt og inkludert. Flytt til Ål! .
Send søknad og politiattest
- vitnemål og attestar legg du inn saman med søknaden
- den som vert tilsett må legge fram politiattest ikkje eldre enn tre månader
- intervju og tilsetting kan skje fortløpande i søknadsperioden
- kommunen følgjer offentleglova § 25 ved eventuell offentleggjering av søkjarlista
Du er velkomen til å ta kontakt med oss om du har spørsmål knytt til stillinga.
Velkommen som søkjar.
Bedrift
Ål KommuneSøknadsfrist
16.02.2025Ansettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltningUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
3570, ÅL
ÅL
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
6032044Se her for andre jobber fra Ål Kommune
-
Generell Søknad - tilkallingsvikar i Helse- og omsorgsektoren
Ål Kommune
ÅL -
Helsefagarbeidar, sjukepleiar -/vernepleiarstudent fast 15% - 20 %
Øygarden kommune
Skogsvåg -
Teamleiar til Ål introsenter
Ål Kommune
ÅL -
Sjukepleiar eller vernepleiar Prestahagen
Sogndal kommune
Sogndal -
Avdelingsleiar korttidsavdeling (Gjestetunet) – med blikk for framtidig utvikling og samarbeid
Ål Kommune
ÅL