Bedrift
Øygarden kommuneSøknadsfrist
17.08.2020Ansettelsesform
workTime.HelgBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
5354, STRAUME
ØYGARDEN
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
2999304Se her for andre jobber fra Øygarden kommune
- Oppdatert 22.07.2020
Utgått annonse
Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert
Øygarden kommune
Helsefagarbeidar/spl.studentar/assistentar til helgestillinger 15-20% ved Sundheimen
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Om avdelinga:
Sundheimen, lokalisert i Skogsskiftet er ein kommunal sjukeheim med 44 senger. Det er to avdelingar, somatisk og demens. Vi har fokus på omsorg og tryggleik både i ei aktiv behandlande fase og i ei palliativ fase. Vi arbeidar tverrfagleg for å møte pasientane sine behov. Kvar avdeling er delt inn i grupper på 8 – 10 pasientar. Sundheimen har både korttids og langtidspasientar.
Arbeidsoppgåver:
- Heilskapleg omsorg for eldre menneske
- Ivareta pasientane sine individuelle behov
- Forefallande avdelingsabeid
- Dokumentasjon
Kvalifikasjonar:
- Ønskjeleg med fagbrev innan helse eller er student i helsefag/sjukepleie
- Lang og relevant arbeidserfaring kan kompensere for manglande formell utdanning
Ønskjeleg med:
- Erfaring frå sjukeheim
- Gode norskkunnskapar munnleg og skriftleg
- Erfaring frå arbeid med eldre
Eigenskapar:
- Gode kommunikasjonsevner
- Likar utfordringar og varierte arbeidsoppgåver
- Er fleksibel og interessert i forbetringsarbeid
- Tek initiativ og ansvar
- Kan arbeide sjølvstendig og saman med andre
- Bidrar til godt arbeidsmiljø ved å fremme det positive
Anna:
Dette er faste stillingar med start frå ca. 1.september. Stillingane inngår p.t i turnus med arbeid kvar 3. helg, men vil frå desember vere del av årsplan.
Vi tilbyr:
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- IA bedrift
- Motiverte og kunnskapsrike kollegaer
- Interessante utfordringar
- Høve til fagleg og personleg utvikling
Kontakt:
Einingsleiar : Janne Thode : 56339720/45044569 janne.thode@oygarden.kommune.no
Avdelingsleiar: Renate Forland : 56339710 renate.forland@oygarden.kommune.no
Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bedeom ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkaren varsla om dette.Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.
Bedrift
Øygarden kommuneSøknadsfrist
17.08.2020Ansettelsesform
workTime.HelgBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
5354, STRAUME
ØYGARDEN
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
2999304Se her for andre jobber fra Øygarden kommune
- Oppdatert 22.07.2020