Bedrift
Øygarden kommuneSøknadsfrist
29.05.2023Heltid/Deltid
DeltidAnsettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
, Straume
ØYGARDEN
search.country.NORGEAntall stillinger
1karriere-kode
5164176Se her for andre jobber fra Øygarden kommune
Øygarden kommune
Helsefagarbeidar/spl.student/assistent til 13% og 17% fast, Fjell sjukeheim
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Helsefagarbeider /spl.student /assistent, 13% og 17% fast ved somatisk avd Fjell sjukeheim
Øygarden kommune er den nest største kommunen i Vestland fylke med omlag 38 500 innbyggjarar og 2 500 tilsette. Straume er kommunesenter (ca. 15 minutt køyring frå Bergen) med kommunedelsenter på Rong og i Skogsskiftet.
Øygarden kommune har sett seg som mål å vera ein framtidsretta og kunnskapsbasert samfunnsutviklar med fortrinn innanfor energi, teknologi og marine ressursar. Kommunen skal løfta fram viktige verdiar som felles kultur, språk og identitet. Vi har ambisjonar om å vera ein handlekraftig og effektiv organisasjon med god leiing, høg kompetanse og kvalitet.
Øygarden kommune sine verdiar: Stolt – På lag – Med glød - Modig
Om avdelinga:
Fjell sjukeheim ligg sentralt på Straume.
Sjukeheimen har 46 pasientar fordelt på somatisk avdeling med 38 pasientar og dementavdelinga med 8 pasientar.
Somatisk avdeling har avlastningsplassar, korttidsplassar og langtidsplassar.
Det er eit godt og triveleg fagmiljø og arbeidsmiljø. Avdelinga har god dekning med sjukepleiarar, helsefagarbeidarar, leger og musikkterapeut. Pasientane får fysioterapi og ergoterapi etter behov.
Arbeidsoppgåver:
- Helsefaglege oppgåver
- Ivareta pasientanes individuelle behov
- Dokumentasjon
- Tverrfagleg samarbeid.
Kvalifikasjonar:
Ønskjeleg med:
- Erfaring frå sjukeheim
Personlege eigenskapar:
- Ønskjer å jobbe med eldre sjuke menneskjer
- Serviceinnstilt
- Fleksibel og strukturert
- Målbevisst og resultatorientert
- Bidrar til godt arbeidsmiljø ved å fremma det positive
Vi tilbyr:
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- IA-bedrift
- Motiverte og kunnskapsrike kollegaer
- Interessante utfordringar
- Høve til fagleg og personleg utvikling
Kontakt:
Avd.leiar: May-Britt Hægland: tlf: 951 60 647
Einingsleiar: Ruth N bakke: tlf: 55 09 74 13/903 60 110, mail: ruth.bakke@oygarden.kommune.no
Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bede om ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkaren varsla om dette.
Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.
Bedrift
Øygarden kommuneSøknadsfrist
29.05.2023Heltid/Deltid
DeltidAnsettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
, Straume
ØYGARDEN
search.country.NORGEAntall stillinger
1karriere-kode
5164176Se her for andre jobber fra Øygarden kommune
-
Sjukepleiar 75% fast, demensavdeling Fjell sjukeheim
Øygarden kommune
Straume -
Sjukepleiar 100% fast, Fjell sjukeheim
Øygarden kommune
Straume -
Psykolog, psykologspesialist, 100% vikariat, innan Barn unge og familietenester i Oppvekst
Øygarden kommune
Straume -
Helgestillingar 15% - Heimetenesta - Øygarden kommune
Øygarden kommune
STRAUME -
Konsulent 50% fast - Forvaltning og støttetenester
Øygarden kommune
Skogsvåg