• Bedrift
    Øygarden kommune
  • Søknadsfrist
    14.10.2024
  • Heltid/Deltid
    Deltid
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    , Straume
    ØYGARDEN
    search.country.NORGE
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    5902307
  • Se her for andre jobber fra Øygarden kommune
Ledig stilling

Øygarden kommune

Helsefagarbeidar/spl student/assistent 20% fast

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Langvakter:

Inneber 12,5 timar vakter med ein times pause i eget kvilerom. I ei 20 prosent stilling arbeidar ei ein helg i månaden (laurdag og søndag). Om ønskeleg kan ein også søkje om å få gå annakvar helg og då ha ei 40 prosent stilling. Utover ei fast helgestilling er det også mogleg med ekstravakter i vekedagane. Ein kan da også gå vanlege vakter på 7 eller 7,5 timar.

Om avdelinga:

Fjell sjukeheim ligg sentralt på Straume.

Sjukeheimen har 52 pasientar fordelt på fire somatiske avdelingar og ei dementavdeling, i snitt 10 pasientar på ei avdeling.

Der er velferdsteknologi knytt til mange av romma og dette vil gjelde alle rom i nær framtid.

Somatisk avdeling har avlastningsplassar, korttidsplassar og langtidsplassar. Alle med ulike behov, og vi har fokus på individuell tilpassa oppfølging og tenester, med utgangspunkt i pasientens mål og ressursar. Vi ønskjer medarbeidarar som legg vekt på å ha en individuelt tilrettelagt pasientbehandling gjennom observasjon, sjølvstendige vurderingar, planlegging og utføring av tiltak.

Vi har eit godt fagmiljø og jobbar kontinuerleg med å kvalitetssikre vårt arbeid, og vi ønskjer engasjerte medarbeidarar som jobbar strukturert og effektivt og gjerne kjem med innspel til endring. Avdelinga har god dekning med sjukepleiarar, helsefagarbeidarar, legar og  musikkterapeut. Pasientane får fysioterapi og ergoterapi etter behov. 

Vi har god takhøgde i organisasjonen.

Ta gjerne kontakt på telefon til avdelingsleiar eller einingsleiar om du har spørsmål om stillinga.

Arbeidsoppgåver:
  • Stell og pleie
  • Aktivitet og miljøarbeid
  • Rapportering og dokumentasjon i EPJ
  • Tverrfagleg samarbeid for å møte pasienten sine behov 
Ønskjeleg med:
  • Erfaring frå sjukeheim
  • Ønskjer å jobbe med eldre sjuke menneskjer
  • Serviceinnstilt
  • Fleksibel og strukturert
  • Målbevisst og resultatorientert
  • Bidrar til godt arbeidsmiljø ved å fremma det positive
Kven er du?
  • Verdset gode kollega og det å jobbe saman som eit lag
  • Løysingsorientert, initiativrik, evner å planlegge og gjennomføre
  • Strukturert, nøye og effektiv
  • Engasjert
  • En som kan bidra positivt inn i arbeidsmiljøet
  • Evner å jobbe sjølvstendig
  • Ønskjer å jobbe med eldre sjuke menneskjer
Vi tilbyr:
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • IA bedrift
  • Motiverte og kunnskapsrike kollegaer
  • Interessante utfordringar
  • Høve til fagleg og personleg utvikling
Anna:
  • Dersom du er under høgare utdanning som sjukepleiarstudent, vernepleiarstudent, legestudent vert du etter lokal avtale løna slik:
  • 1. studieår  kr 10.000 over sentral garantiløn
  • 2. studieår kr 20.000 over sentral garantiløn
  • 3. studieår kr 50.000 over sentral garantiløn
  • Du må dokumntere kor langt du er komen i studiet
Kontakt:

-          Avd.leiar Anita L Kausland  Tlf: 481 98 37

-          Einingsleiar: Eivind Flem tlf: 406 11 383

Mail: eivind.flem@oygarden.kommune.no 

 

Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.

Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bede om ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkaren varsla om dette.

Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.

 

  • Bedrift
    Øygarden kommune
  • Søknadsfrist
    14.10.2024
  • Heltid/Deltid
    Deltid
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    , Straume
    ØYGARDEN
    search.country.NORGE
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    5902307
  • Se her for andre jobber fra Øygarden kommune