Ledig stilling

Øygarden kommune

Helsefagarbeidar/spl.student/assistent 13-20% fast, Øygarden kommune

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

 Er du vår nye medarbeidar på helg? 

Øygarden Kommune er under kommunalsjefområde helse og velferd og er inndelt i tre geografiske soner. Vi har for tida 3 sjukeheimar med somatisk og dement avd. I heimetenesta er vi inndelt i 3 soner. Vi treng no helgepersonell innenfor både heimetenesta og sjukeheimane.

Vi treng deg som er ein kompetent medarbeidar som kan utføre omsorgsoppgåver. Vi ønskjer at du er fagleg dyktig og engasjert i oppgåver som du vil møte.

Det vert no lyst ut etter 13-20% stillingar for helsefagarbeidar / sjuke/vernepleiarstudentar, assistentar 

 

Arbeidsoppgåver:

  • Arbeid på helg i heimesjukepleie/sjukeheimar
  • Omsorgsoppgåver i tenestemottakar sin heim og på instutisjoner

 

Kvalifikasjonar:

  • Ønskjeleg med fagbrev innan helse eller studentar i helsefag/sjukepleie
  • Lang og relevant arbeidserfaring kan kompensere for manglande formell utdanning
  • Førarkort for bil (I heimetenesta)
  • God norsk munnleg og skriftleg framstillingsevne

Anna : 

  • Dersom du er under høgare utdanning som sjukepleiarstudent, vernepleiarstudent, legestudent vert du etter lokal avtale løna slik :  1. studieår  kr 10.000 over sentral garantiløn, 2. studieår kr 20.000 over sentral garantiløn, 3. studieår kr 50.000 over sentral garantiløn. Du må dokumntere kor langt du er komen i studiet

 Ønskjeleg med:

  • Erfaring frå arbeid i heimesjukepleien/sjukeheim eller arbeid med eldre

Personlege eigenskapar:

  • Gode samarbeidsevner
  • Sjølvstendig
  • Engasjert
  • Bidra til å skape eit godt arbeidsmiljø
  • Det vil bli lagt vekt på personlege eigenskapar

 

  • Vi tilbyr:
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • IA-bedrift
  • Motiverte og kunnskapsrike kollegaer
  • Interessante utfordringar
  • Høve til fagleg og personleg utvikling

Anna:

Tilsetjing vert gjort fortløpande

Tenestestader og kontaktinformasjon:

Lokalmedisinsk senter – Lokalisert på Straume. Intermediær eining, Øyeblikkeleg hjelp (ØH), og kortidsplassar.

  • Einingsleiar: Tonje Tangen Alvsvåg, tlf 55097220 -99700857, tonje.alvsvag@oygarden.kommune.no

Fjell Sjukeheim- Lokalisert på Straume. Sjukeheimen har pasientar som har langtidsopphald, korttidsopphald og pasientar som er på avlastning.

  • Einingsleiar: Ruth Bakke, tlf 55097413, ruth.bakke@oygarden.kommune.no

Straume bu og servicesenter- Straume Bu og servicesenter (SBSS) er eit bu og servicesenter for eldre, funksjonshemma og utviklingshemma. Senteret er delt i to bufellesskap for eldre og eit for utviklingshemma . I tillegg har senteret dagavdeling og ein servicedel med 28 husvære.

  • Einingsleiar: Trude Myklebust, tlf 56160440, trude.myklebust@oygarden.kommune.no

Kvednatunet – Lokalisert på ÅgotnesKvednatunet er heimen for 40 eldre menneske med demensdiagnose som treng heildøgns omsorg. Bustadane er fordelt i fire bufellesskap. Kvednatunet treng og vikarar til reinhald.

  • Einingsleiar: Ingrid- Alice Ingebrigtsen, tlf 55096212 - 97537243 ingrid.ingebrigtsen@oygarden.kommune.no

Tednebakkane – Lokalisert på Rong. Tednebakkane er ein sjukeheim med to avdelingar ; somatisk og demens.  Vi har tilknytta dagtilbod og eige kjøkken.

  • Einingsleiar: Britt Pedersen, tlf 40069141 – 56382353, britt.pedersen@oygarden.kommune.no

Sundheimen- Lokalisert i Skogsskiftet. Sundheimen er ein sjukeheim med to avdelingar;  somatisk og demens.Vi har tilknytta dagtilbod og eige kjøkken.

  • Einingsleiar: Janne Thode, tlf 45044569 – 56160400, janne.thode@oygarden.kommune.no

Heimetenestene- Heimetenestene er delt inn i tre soner; Sone Nord, Sone Sør og Sone Straume. Tenestene omfattar både heimesjukepleie og heimehjelp til heimebuande.

  • Einingsleiar Sone SørKate Samland Løland, tlf 95071121, kate.loland@oygarden.kommune.no
  • Einingsleiar Sone StraumeBrit Larsson, tlf 99642253, brit.larsson@oygarden.kommune.no
  • Einingsleiar Sone NordMarianne Våge Berland, tlf 90159103, marianne.berland@oygarden.kommune.no

 

 

Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.

Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bedeom ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkaren varsla om dette.Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.