• Bedrift
    Øygarden kommune
  • Søknadsfrist
    30.10.2020
  • Ansettelsesform
    workTime.Helg
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    5354, STRAUME
    ØYGARDEN
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    3224440
  • Se her for andre jobber fra Øygarden kommune
  • Oppdatert 15.10.2020
Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Øygarden kommune

Helsefagarbeidar/spl. student/ assistent 15-20 % fast - Sundheimen

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Om avdelinga:

Sundheimen, lokalisert i Skogsskiftet er ein kommunal sjukeheim med 44 senger. Det er to avdelingar, somatisk og demens. Vi har fokus på omsorg og tryggleik både i ei aktiv behandlande fase og i ei palliativ fase. Vi arbeidar tverrfagleg for å møte pasientane sine behov. Kvar avdeling er delt inn i grupper på 8–10 pasientar. Sundheimen har både korttids og langtidspasientar.

Arbeidsoppgåver:

  • Heilskapleg omsorg for eldre menneske
  • Ivareta pasientane sine individuelle behov
  • Forefallande avdelingsarbeid
  • Dokumentasjon

Kvalifikasjonar: 

  • Ønskjeleg med fagbrev innan helse eller er student i helsefag/sjukepleie
  • Lang og relevant arbeidserfaring kan kompensere for manglande formell utdanning
  • Erfaring frå arbeid i sjukeheim

Ønskjeleg med:

  • Gode norskkunnskapar munnleg og skriftleg

Eigenskapar:

  • Gode kommunikasjonsevner
  • Likar utfordringar og varierte arbeidsoppgåver
  • Er fleksibel og interessert i forbetringsarbeid
  • Tek initiativ og ansvar
  • Kan arbeida sjølvstendig og saman med andre
  • Bidreg til godt arbeidsmiljø ved å fremma det positive

Anna:

  • Dette er faste stillingar med start frå ca. 1. desember.
  • Stillingane inngår i  årsplan.

Ønskelig med:

  • Erfaring frå arbeid med eldre 

Vi tilbyr:

  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • IA bedrift
  • Motiverte og kunnskapsrike kollegaer
  • Interessante utfordringar
  • Høve til fagleg og personleg utvikling

Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.

Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bedeom ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkaren varsla om dette.Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.

 

  • Bedrift
    Øygarden kommune
  • Søknadsfrist
    30.10.2020
  • Ansettelsesform
    workTime.Helg
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    5354, STRAUME
    ØYGARDEN
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    3224440
  • Se her for andre jobber fra Øygarden kommune
  • Oppdatert 15.10.2020