Detaljer

  • Bedrift
    Øygarden kommune
  • Søknadsfrist
    05.07.2020
  • Sted:
    STRAUME
  • Stillingstype:
    Helg
  • Bransje:
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav:
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring:
    Ønskelig
  • Fylke:
    VESTLAND
  • Arbeidssted:
    STRAUME
  • Land:
    NO
  • Antall stillinger:
    1
  • karriere-kode:
    2988983
  • Se her for andre jobber fra Øygarden kommune

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Helsefagarbeidar/spl.student/assistent 15% fast, Heimetenesta sone Nord

Om avdelinga:

Heimetenesta i Øygarden Kommune er under kommunalsjefområde helse og velferd og er inndelt i tre geografiske soner. I heimetenesta jobbar ein tett på brukarane i deira heim og vil møte brukarar i ulike livssituasjonar og med ulike utfordringar. I heimetenesta jobbar ein strukturert innanfor geografiske soner, i team og aleine. Me treng deg som ein kompetent medarbeidar som kan utføre omsorgsoppgåver. Me ynskjer at du er fagleg dyktig og engasjert i oppgåver som du vil møte.

Det vert no lyst ut etter 15% stillingar for helsefagarbeidar / sjuke/vernepleiarstudentar, assistentar i heimetenesta sone nord. Sone nord har sonekontor på Rong.

 

Arbeidsoppgåver:

  • Arbeid på helg i heimesjukepleien
  • Omsorgsoppgåver i tenestemottakar sin heim

 

Kvalifikasjonar:

  • Ønskjeleg med fagbrev innan helse eller studentar i helsefag/sjukepleie
  • Lang og relevant arbeidserfaring kan kompensere for manglande formell utdanning
  • Førarkort for bil
  • God norsk munnleg og skriftleg framstillingsevne

 

Ønskjeleg med:

  • Erfaring frå arbeid i heimesjukepleien eller arbeid med eldre

Personlege eigenskapar:

  • Gode samarbeidsevner
  • Sjølvstendig
  • Engasjert
  • Bidra til å skape eit godt arbeidsmiljø
  • Det vil bli lagt vekt på personlege eigenskapar

 

  • Vi tilbyr:
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • IA-bedrift
  • Motiverte og kunnskapsrike kollegaer
  • Interessante utfordringar
  • Høve til fagleg og personleg utvikling

 

Kontakt:

Marianne V. Berland, tlf 56 16 16 60

 

Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.

Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bedeom ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkaren varsla om dette.Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.