• Bedrift
    Alver kommune
  • Søknadsfrist
    23.11.2022
  • Heltid/Deltid
    Deltid
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    5914, ISDALSTØ
    ALVER
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    4859688
  • Se her for andre jobber fra Alver kommune
  • Oppdatert 08.11.2022
Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Alver kommune

Helsefagarbeidar/sjukepleie-/vernepleiestudent/assistent - 17 % og 13 % fast

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Kort om stillinga

Vi har ledig 4 helgestillingar med arbeid kvar 3. helg til deg som er anten helsefagarbeidar, student innan sjukepleie eller vernepleie, eller assistent. 2 av stillingane er på 17 % og ved anna kvar helgevakt arbeidar du fredag-sundag. Dei andre 2 stillingane på 13 % har arbeid laurdag og sundag. 

Om Ostereidet heimeteneste

Ostereidet heimeteneste består av ei «ute» gruppe og ei «inne» gruppe. Ute gruppa gir tenester til brukarar i tilhøyrande geografisk område, medan inne gruppa gir tenester til bebuarar som bur i heildøgnsbemanna bustadar – Ostertun 28 leilegheiter. Personalet har fast turnus inne og ute, men ein må pårekne å jobbe der det er behov for kompetansen. Avdelinga har eit godt tverrfagleg team av fagansvarleg, driftskoordinator, sjukepleiarar, helsefagarbeidarar og assistentar.

Arbeidsoppgåver

Assistent i heimetenesta har arbeidsoppgåver som hjelp til praktisk bistand (heimehjelp), personleg hygiene, påkledning, forflytning og måltid. Kvardagen hos oss er variert, og som assistent får du mogelegheit til varierte oppgåver både sjølvstendig og i team med kollega. Heimetenesta samarbeider tett med ulike fagmiljø og legg vekt på tverrfagleg samarbeid. Siste åra har det vore ei stor satsing på velferdsteknologi og kvardagsmeistring. Det er krav at utførte tenester vert dokumenterte i Profil.

Med fast helgestilling er du ein viktig del av tilbodet som vert gitt i avdelinga du arbeider på. Du arbeider sjølvstendig og i samarbeid med andre for å gi heilskapleg omsorg og behandling til brukarane våre. Du vil være med og gi individuell oppfølging av pasientar, slik at dei kan få nytta sine eigne ressursar. Samarbeid på tvers av avdelingar og faggrupper er avgjerande for at brukarane skal få best mogleg behandling og pleie.

Kompetansekrav

  • Førarkort klasse B
  • Gode norsk kunnskapar, skriftleg og munnleg
  • Det er ein fordel om du har erfaring frå heimeteneste og /eller sjukeheim

Personlege eigenskapar

Du har engasjement for eldreomsorg og vil være med på å utvikle tenesta til heimebuande eldre, enten dei bur i eigen heim eller i omsorgsbustad. Du jobbar sjølvstendig og samarbeider godt med dine kollegaer.
Du er samvitsfull og bidreg til eit godt arbeidsmiljø.
Me ynskjer ein fleksibel og løysingsorientert medarbeidar .

Vi tilbyr

  • Engasjerte, flotte og framtidsretta kollegaer
  • Eit positivt og inkluderande arbeidsmiljø
  • Ein aktiv kvardag med mange spennande og varierte utfordringar
  • Årsturnus
  • Tilsetjing i samsvar med gjeldande lov- og avtaleverk
  • Pensjonsordning
  • Løn etter gjeldande tariffavtaleSjuke- og vernepleiestudentar får eigen lokal studentløn ihht. beståtte studiepoeng
  • Opplæring i aktuelle arbeidsoppgåver

Politiattest

I tråd med helse- og omsorgstenestelova § 5-4 vert det stilt krav om tilfredsstillande politiattest ved tiltrede.

Slik søker du

Trykk knappen "send søknad". Dess meir du fyller ut, dess betre vert du sjåande ut på søkjarlista. Dersom du har behov for hjelp med registrering av søknad, kontakt innbyggjarservice på 56 37 50 00.

 

  • Bedrift
    Alver kommune
  • Søknadsfrist
    23.11.2022
  • Heltid/Deltid
    Deltid
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    5914, ISDALSTØ
    ALVER
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    4859688
  • Se her for andre jobber fra Alver kommune
  • Oppdatert 08.11.2022