Detaljer

  • Bedrift
    Alver kommune
  • Søknadsfrist
    28.10.2020
  • Sted:
    ISDALSTØ
  • Stillingstype:
    Helg
  • Bransje:
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav:
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring:
    Ønskelig
  • Fylke:
    VESTLAND
  • Arbeidssted:
    ISDALSTØ
  • Land:
    NO
  • Antall stillinger:
    1
  • karriere-kode:
    3207646
  • Se her for andre jobber fra Alver kommune

Helsefagarbeidar/sjukepleiarstudent

Kort om stillinga

 

Det er ledig 2 faste helgestillingar som helsefagarbeidar frå 01.01.2021. Sjuke- / vernepleiarstudentar eller personar utan formell kompetanse kan og verte vurdert til stillingane.

 

Om Alversund/Seim heimeteneste

Avdeling Alversund/Seim har base i Isdal og der arbeider sjukepleiarar, hjelpepleiarar/helsefagarbeidarar, omsorgsarbeidarar og assistentar. Vi gjev tenester til brukarar i eigen heim i områda med postadresse Alversund og Seim.   

 

Arbeidsoppgåver

Heimetenesta gjev tenester til brukarar som bur i eigen heim. Kvardagen hos oss er variert, med stor grad av sjølvstende og fagleg utvikling. Heimetenesta samarbeider tett med ulike fagmiljø og legg vekt på tverrfagleg samarbeid. Siste åra har det vore ei stor satsing velferdsteknologi og kvardagsmeistring.  Det er krav at utførte tenester vert dokumenterte i Profil.

   

Kvalifikasjonskrav:

Helsefagarbeidar / Sjuke- vernepleiarpleiarstudent

Sertifikat klasse B

 

Ønskt kompetanse:

  • Du er inspirerande og engasjert
  • Du kan prioritera i ein travel kvardag
  • Du har evne og vilje til å arbeida for eit godt arbeidsmiljø
  • Du kan skapa arbeidsglede i ein hektisk kvardag
  • Du er løysningsorientert, påliteleg og fleksibel
  • Du er lojal, fagleg sterk og trygg i yrkesutøvinga
  • Du må ha evne til å arbeide sjølvstendig

 

Vi tilbyr

  • Engasjerte, flotte og framtidsretta kollegaer
  • Eit positivt og inkluderande arbeidsmiljø
  • Ein aktiv kvardag med mange spennande og varierte utfordringar
  • Fagleg utvikling
  • Årsturnus
  • Tilsetjing i samsvar med gjeldande lov- og avtaleverk
  • Pensjonsordning

 

Politiattest

I tråd med helse- og omsorgstenestelova § 5-4 vert det stilt krav om tilfredsstillande politiattest ved tiltrede.

 

Slik søker du

Trykk knappen "send søknad". Dess meir du fyller ut, dess betre vert du sjåande ut på søkjarlista. Dersom du har behov for hjelp med registrering av søknad, kontakt innbyggjarservice på 56 37 50 00.