• Bedrift
    Alver kommune
  • Søknadsfrist
    05.12.2022
  • Heltid/Deltid
    Deltid
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    5914, ISDALSTØ
    ALVER
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    4885899
  • Se her for andre jobber fra Alver kommune
  • Oppdatert 22.11.2022
Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Alver kommune

Helsefagarbeidar/sjukepleiarstudent - 14 % fast

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Kort om stillinga

Vi har ledig fleire faste helgestillingar som helsefagarbeidar på 14 % frå snarast. Sjukepleiarstudentar kan òg søkje! Stillinga inneber todelt turnus med arbeid laurdag og sundag i snitt kvar 3. helg. Dersom det er ønskjeleg med høgare stillingsprosent kan ein leggje til nokre fredager til helgene, jobbe ekstravakter og/eller vere ferievikar i tillegg. 

Om Knarvik Nord Aust heimeteneste

Avdeling Knarvik Nord Aust har base i Knarvik og der arbeider sjukepleiarar, hjelpepleiarar/helsefagarbeidarar, omsorgsarbeidarar og assistentar. Me er ei avdeling som er i stadig vekst i eit stort geografisk område med eit aukande antall brukarar i alle aldrar som treng hjelp.

Arbeidsoppgåver

Heimetenesta gjev tenester til brukarar som bur i eigen heim. Tenestene femnar m.a. om heimesjukepleie, heimehjelp, middagslevering og administrasjon av medisinar. Det er krav at utførte tenester vert dokumenterte i Profil. Arbeidet i heimetenesta krev tverrfagleg samarbeid til beste for brukarane, både innan kommunen og ut mot spesialisthelsetenesta.

Kompetansekrav

  • Autorisasjon som helsefagarbeidar/hjelpepleiar
  • Sertifikat klasse B

Sjukepleiarstudentar kan òg søkje.

Personlege eigenskapar

Vi ser etter deg som:

  • er inspirerande og engasjert
  • kan prioritera i ein travel kvardag
  • trivst med å arbeida sjølvstendig og som del av team
  • har evne og vilje til å arbeida for eit godt arbeidsmiljø
  • kan skapa arbeidsglede i ein hektisk kvardag
  • er løysningsorientert og fleksibel
  • er lojal og trygg i yrkesutøvinga

Vi tilbyr

  • Ein aktiv kvardag med mange spennande og varierte utfordringar
  • Dyktige kollegaer og høg kompetanse
  • Fagleg utvikling
  • Tilsetjing i samsvar med gjeldande lov- og avtaleverk
  • Pensjonsordning
  • Humor og humør

Politiattest

I tråd med helse- og omsorgstenestelova § 5-4 vert det stilt krav om tilfredsstillande politiattest ved tiltrede.

Slik søker du

Trykk knappen "send søknad". Dess meir du fyller ut, dess betre vert du sjåande ut på søkjarlista. Dersom du har behov for hjelp med registrering av søknad, kontakt innbyggjarservice på 56 37 50 00. Rekrutterarar ber aldri om BankID i samband med rekrutteringsprosessen. Som jobbsøkjar må du aldri avgje sånn informasjon i samband med søknadsprosessen. Om du opplever dette, ber vi deg ta kontakt.  

 

 

  • Bedrift
    Alver kommune
  • Søknadsfrist
    05.12.2022
  • Heltid/Deltid
    Deltid
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    5914, ISDALSTØ
    ALVER
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    4885899
  • Se her for andre jobber fra Alver kommune
  • Oppdatert 22.11.2022