• Bedrift
    Øygarden kommune
  • Søknadsfrist
    13.12.2022
  • Heltid/Deltid
    Deltid
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    , Rong
    ØYGARDEN
    search.country.NORGE
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    4875117
  • Se her for andre jobber fra Øygarden kommune
  • Oppdatert 30.11.2022
Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Øygarden kommune

Helsefagarbeidar/sjukepleiar-vernepleiarstudentar, 15% fast, Heimetenesta sone nord

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Helsefagarbeidar, sjuke/vernepleierstudentar søkes til 15% helgestilling, heimetenesta sone nord

 

Øygarden kommune er den nest største kommunen i Vestland fylke med omlag 38 500 innbyggjarar og 2 500 tilsette. Straume er kommunesenter (ca. 15 minutt køyring frå Bergen) med kommunedelsenter på Rong og i Skogsskiftet.

Øygarden kommune har sett seg som mål å vera ein framtidsretta og kunnskapsbasert samfunnsutviklar med fortrinn innanfor energi, teknologi og marine ressursar.
Kommunen skal løfta fram viktige verdiar som felles kultur, språk og identitet. Vi har ambisjonar om å vera ein handlekraftig og effektiv organisasjon med god leiing, høg kompetanse og kvalitet.

Om avdelinga:

Heimetenesta i Øygarden Kommune er under kommunalsjefområde helse og velferd og er inndelt i tre geografiske soner. I heimetenesta jobbar ein tett på brukarane i deira heim og vil møte brukarar i ulike livssituasjonar og med ulike utfordringar. I heimetenesta jobbar ein strukturert innanfor geografiske soner, i team og aleine. Vi treng deg som ein kompetent medarbeidar som kan utføre omsorgsoppgåver. Vi ynskjer at du er fagleg dyktig og engasjert i oppgåver som du vil møte.

 

Det vert no lyst ut 15% stillingar, faste og vikariat, for helsefagarbeidar / sjuke/vernepleiarstudentar. Relevant arbeidserfaring frå arbeid med pleieoppgåver kan kompensere for manglande formell utdanning. Sone nord har sonekontor på Rong. Stillingane er ledig frå d.d.

 

Arbeidsoppgåver:

  • Arbeid på helg i heimesjukepleien
  • Omsorgsoppgåver i tenestemottakar sin heim

 

Kvalifikasjonar:

Må ha:

  • Fagbrev innan helsefag eller studentar i sjuke/vernepleie
  • Relevant arbeidserfaring frå arbeid med pleieoppgåver kan kompensere for manglande formell utdanning
  • Førarkort for bil
  • God norsk munnleg og skriftleg framstillingsevne

Ønskjeleg med:

  • Erfaring frå arbeid i heimesjukepleien eller arbeid med eldre

 

Personlege eigenskapar:

  • Gode samarbeidsevner
  • Sjølvstendig
  • Engasjert
  • Bidra til å skape eit godt arbeidsmiljø
  • Det vil bli lagt vekt på personlege eigenskapar

 

Vi tilbyr:

  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • IA-bedrift
  • Motiverte og kunnskapsrike kollegaer
  • Interessante utfordringar
  • Høve til fagleg og personleg utvikling

 

Anna:

  • For studentar innan sjukepleie og vernepleie vert det gitt tillegg i løn jamfør kommunens lønspolitiske plan

 

Kontakt:

Marianne V. Berland, tlf 56 16 16 60

 

Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.

Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bede om ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkaren varsla om dette.

Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.

 

  • Bedrift
    Øygarden kommune
  • Søknadsfrist
    13.12.2022
  • Heltid/Deltid
    Deltid
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    , Rong
    ØYGARDEN
    search.country.NORGE
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    4875117
  • Se her for andre jobber fra Øygarden kommune
  • Oppdatert 30.11.2022