• Bedrift
    Øygarden kommune
  • Søknadsfrist
    16.11.2021
  • Sted:
    Skogsvåg
  • Stillingstype:
    Helg
  • Bransje:
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav:
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring:
    Ønskelig
  • Fylke:
    Vestland
  • Arbeidssted:
    Skogsvåg
  • Land:
    NORGE
  • Antall stillinger:
    1
  • karriere-kode:
    4143184
  • Se her for andre jobber fra Øygarden kommune

Helsefagarbeidar/sjukepleiar/vernepleiarstudentar til helgestillinger 15% fast ved Sundheimen

Øygarden kommune

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Er du den nye helsefagarbeidaren/sjukepleiar-vernepleiarstudenten vår?

Ønskjer du deg fast stilling, med gode kollegaer og varierte oppgåver? Vi søkjer etter deg som er engasjert, fleksibel og har fokus på høg kvalitet for brukarane våre

Sundheimen, lokalisert i Skogsskiftet er ein kommunal sjukeheim med 44 senger. Det er to avdelingar, somatisk og demens. Vi har fokus på omsorg og tryggleik både i ei aktiv behandlande fase og i ei palliativ fase. Vi arbeidar tverrfagleg for å møte pasientane sine behov. Kvar avdeling er delt inn i grupper på 8 – 10 pasientar. Sundheimen har både korttids og langtidspasientar.

 

Arbeidsoppgåver:

  • Pasientretta oppgåver i sjukeheimsavdeling
  • Dagleg avdelingsarbeid
  • Ha fokus på pasientar og bidra til tverrfagleg samarbeid 
  • Delegert ansvar for medikamenthandtering blir vurdert
  • Sørgje for god  samhandling og dokumentasjon i gjeldande fagsystem

Kvalifikasjonar: 

  • Ønskelig med fagbrev i helsefag eller er student i helsefag/sjukepleie
  • Lang og relevant arbeidserfaring kan kompensere for manglende formell utdanning
  • Gode norskkunnskapar munnleg og skriftleg

 

Ønskjeleg med:

  • Erfaring med arbeid frå sjukeheim

 

Personlege eigenskapar:

  • Ønsker å jobbe med eldre, sjuke menneskjer
  • Har god evne til å arbeide sjølvstendig og strukturert
  • Du er lærelysten, tek ansvar og nyttar kunnskap i praksis
  • Du er løysningfokusert, engasjert, kompetent, fleksibel og positiv
  • Ønskjer om å skape gode augneblikk for pasientar
  • Gode kommunikasjons- og samhandlingsferdigheiter
  • Bidrar til godt arbeidsmiljø ved å fremma det positive
  • Du er trygg i dialog med pårørande og kommuniserer tydelig
  • Du er open for nye utfordringar
  • Eigna for stilling

 

Anna:

Dette er faste stillingar som er ledige  frå snarast. Oppstart etter avtale. Stillingane  inngår i  årsplan med 16 arbeidshelger pr år.

 

Vi tilbyr:

  • Fast 15- 20 %  stilling
  • Eit godt arbeidsmiljø, dyktige kollegaer og ein arbeidsplass der me kan leggje til rette for fagleg utfordringar og utvikling
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • IA bedrift

 

Kontakt:

-       Einingsleiar : Janne Thode , 56339720/45044569 janne.thode@oygarden.kommune.no

-       Avdelingsleiar: Renate Forland  : 56339710 renate.forland@oygarden.kommune.no

 

Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.

Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bedeom ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkaren varsla om dette.Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.

 
  • Bedrift
    Øygarden kommune
  • Søknadsfrist
    16.11.2021
  • Sted:
    Skogsvåg
  • Stillingstype:
    Helg
  • Bransje:
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav:
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring:
    Ønskelig
  • Fylke:
    Vestland
  • Arbeidssted:
    Skogsvåg
  • Land:
    NORGE
  • Antall stillinger:
    1
  • karriere-kode:
    4143184
  • Se her for andre jobber fra Øygarden kommune