• Bedrift
    Øygarden kommune
  • Søknadsfrist
    04.10.2021
  • Ansettelsesform
    workTime.Helg
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    , Skogsvåg
    ØYGARDEN
    search.country.NORGE
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    4068523
  • Se her for andre jobber fra Øygarden kommune
  • Oppdatert 20.09.2021
Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Øygarden kommune

Helsefagarbeidar,sjukepleiar-/vernepleiarstudentar til 2*15% fast helgestilling, heimetenesta sone Sør

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Er du den nye helsefagarbeidaren/sjukepleiar-/vernepleiarstudenten vår?

Ønskjer du deg fast stilling, med gode kollegaer og varierte oppgåver? Me søkjer etter deg som er engasjert, fleksibel og har fokus på høg kvalitet for brukarane våre.

Heimetenesta i Øygarden Kommune er under kommunalsjefområde helse og velferd og er inndelt i tre geografiske soner. I heimetenesta vil du møte brukarar i alle aldrar og med stor variasjon i hjelpebehov. Du får høve til å utfordre, utvikle og tileigne deg mykje ny erfaring, i eit miljø som er oppteken av å vere fagleg oppdatert. Me har fokus på å gje brukaren god livskvalitet, oppretthalde eigne ressursar og gje dei høve til å bu heime så lenge som mogleg gjennom førebyggjande behandling/ tiltak.

Det vert no lyst ut 2 x 15% faste helgestillinger for helsefagarbeidar/studentar i sjukepleie/vernepleie i heimetenesta sone sør. Sone sør har sonekontor på Skogsvåg. Stillinga ligg i årsturnus.

Ledig frå snarast.

 

Arbeidsoppgåver:

  • Helsefaglege oppgåver i tenestemottakar sin heim
  • Samhandling med pårørande
  • Ivareta brukars individuelle behov
  • Dokumentering i fagjournal

Kvalifikasjonar:

  • Helsefagarbeider
  • Gode norskkunnskaper munnleg og skriftleg
  • Førarkort klasse B

Ønskjeleg med:

  • Erfaring frå arbeid med eldre

Personlege eigenskapar:

  • Du må trivast saman med menneskjer og ønskje å yte ditt beste for å ivareta våre brukarar. Dei vi skal hjelpa har ulike medisinske behov og du må kunna utføra varierte pleieoppgåver hos dei ulike brukarane.
  • Du er engasjert og positiv
  • Du har gode samarbeidsevner
  • Er ein god teamarbeidar
  • Kan jobba sjølvstendig og er løysingsorientert
  • Du er open for nye utfordringar
  • Evner å takla stress og hektiske situasjonar når det er naudsynt
  • Bidra til eit godt arbeidsmiljø ved å fremma det positive

 

 Vi tilbyr:

  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • IA verksemd
  • Motiverte og kunnskapsrike kollegaer
  • Interessante utfordringar
  • Høve til fagleg og personleg utvikling

 

Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.

Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bedeom ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkaren varsla om dette.Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.

 

  • Bedrift
    Øygarden kommune
  • Søknadsfrist
    04.10.2021
  • Ansettelsesform
    workTime.Helg
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    , Skogsvåg
    ØYGARDEN
    search.country.NORGE
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    4068523
  • Se her for andre jobber fra Øygarden kommune
  • Oppdatert 20.09.2021