• Bedrift
    Øygarden kommune
  • Søknadsfrist
    31.07.2024
  • Heltid/Deltid
    Deltid
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    5354, STRAUME
    ØYGARDEN
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    5746521
  • Se her for andre jobber fra Øygarden kommune
Ledig stilling

Øygarden kommune

Helsefagarbeidar, sjuke/vernepleiarstudentar, assistentar søkast til helgestillingar i heimetenesta

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Om avdelinga:

Heimetenesta i Øygarden Kommune er under kommunalsjefområde helse og velferd og er inndelt i tre geografiske soner – Straume, Skogsvåg og Ågotnes. I heimetenesta jobbar ein tett på brukarane i deira heim og vil møte brukarar i ulike livssituasjonar og med ulike utfordringar. I heimetenesta jobbar ein strukturert innanfor geografiske soner, i team og aleine. Vi treng deg som ein kompetent medarbeidar som kan utføre omsorgsoppgåver. Vi ynskjer at du er fagleg dyktig og engasjert i oppgåver du vil møte.

Det er no ledig 15% faste helgestillingar i sone nord og sør. Vi ønsker deg som er helsefagarbeidar/ sjuke- vernepleiarstudent. Relevant arbeidserfaring frå arbeid med pleieoppgåver kan kompensere for manglande formell utdanning.

Arbeidsoppgåver:
  • Arbeid på helg i heimetenesta
  • Omsorgsoppgåver i tenestemottakar sin heim
Kvalifikasjonar for stillinga:
  • Fagbrev innan helsefag eller studentar i sjuke/vernepleie
  • Relevant arbeidserfaring frå arbeid med pleieoppgåver kan kompensere for manglande formell utdanning
  • God norsk munnleg og skriftleg framstillingsevne
Andre krav:
  • Det vil bli lagt vekt på personlege eigenskapar
  • Søkjar må ha gode norsk kunnskapar munnleg og skriftleg
  • Søkjar må ha førarkort for bil
  • Erfaring frå arbeid i heimeteneste er ein fordel
Personlege eigenskapar:
  • Kompetent, open, påliteleg og engasjert
  • Fleksibel og løysningsorientert
  • Gode etiske og faglege haldningar
  • Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
  • Evne til å arbeide strukturert og sjølvstendig
  • Evne til å være med på å skape eit godt arbeidsmiljø
  • Du trivs med å arbeide i ein hektisk arbeidskvardag
Vi tilbyr:
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • IA-bedrift
  • Motiverte og kunnskapsrike kollegaer
  • Interessante utfordringar
  • Høve til fagleg og personleg utvikling
Kommunen har følgjande modell for sjukepleiar- vernepleiarstudentar:
  • 1. studieår: frå oppstart første år til påfølgjande år, kr 10.000 over sentral garantiløn
  • 2. studieår: frå oppstart andre år til studiestart påfølgjande år, kr 20.000 over sentral garantiløn
  • 3. studieår: Siste studieår definerast frå start siste studieår til avsluttande eksamen er fullført/bestått, kr 50.000 over sentral garantiløn
Kontakt:

Ass. Einingsleiar Kate S. Løland, tlf 56 16 05 02 / 950 71 121

Vi ynskjer eit arbeidsmiljø preget av mangfald, og at våre tilsett skal spegla folkesetnaden forresten. Vi oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Vi legg vekt på å leggje til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.

Etter utløpet til søknadsfristen, vil det setjast opp ei offentleg søkarliste innehaldande namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjer kan verta offentlege sjølv om søkaren har bede om ikkje å førast opp på søkarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teke til følgje vil søkaren varslast om dette.

 

  • Bedrift
    Øygarden kommune
  • Søknadsfrist
    31.07.2024
  • Heltid/Deltid
    Deltid
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    5354, STRAUME
    ØYGARDEN
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    5746521
  • Se her for andre jobber fra Øygarden kommune