Ledig stilling

Askvoll kommune

Helsefagarbeidar på natt 100% fast stilling ved Askvoll omsorgssenter - Solstova/Rask - Utvida søknadsfrist

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

I vår kommune er vi opptatt av at tenestene skal vere fagleg gode og medverke til god livskvalitet.

Helse og omsorgstenestene i kommunane står overfor spanande utfordringar på grunn av endra alderssamansetning i befolkninga. Pasientar og brukarar har ofte samansette lidingar, derfor treng vi fagpersonar med god kompetanse og som ser behova i heilskap.

Avdeling Solstova/Rask er ei eining med 16 langtidsplassar.

No søkjer vi etter ny kollega på natt i 100% fast stilling som helsefagarbeidar/omsorgsarbeidar frå 23.01.2025.

Arbeidsoppgåver:

  • Utøve pleie til pasientar og brukarar med utgangspunkt i "kva er viktig for deg?"
  • Medverke til at pleiefaglege oppgåver blir utført i samsvar med gjeldande krav til kvalitet
  • Dokumentere og rapportere i samsvar med gjeldande retningsliner og prosedyrar
  • Medikamenthandtering
  • Delta i tverrfagleg og tverretatleg samarbeid både internt i kommunen og eksternt
  • Medverke til god informasjonsflyt
  • Pliktar å halde seg oppdatert innanfor sitt eige fagfelt og delta i aktuelle møter og opplæringstiltak
  • Rettleie pasientar, pårørande og andre tilsette, studentar og elevar
  • Medverke til eit godt samarbeidsmiljø
  • Etaten nyttar Acos CosDoc som dokumentasjonsverktøy, og naudsynt opplæring vil bli gjeve

 

Kvalifikasjonar:

  • Autorisasjon som helsefagarbeidar/omsorgsarbeidar med fagbrev
  • Ved mangel på kvalifiserte søkarar kan søkarar med relevant utdanning/erfaring tilsettast imidlertidig stilling
  • Gode norskkunnskapar munnleg og skriftleg
  • Den som blir tilsett må ha førarkort
  • Det er krav om framlagd politiattest ved oppstart


Personlege eigenskapar:

  • Ha gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
  • Er positiv, fleksibel og fagleg engasjert
  • Ha evne til å samhandle og arbeide tverrfagleg
  • Like utfordringar og er løysingsorientert
  • Kan møte menneske i ulike livssituasjonar og med ulike behov på ein verdig og respektfull måte
  • Ha evne til å handtere tidvis travle periodar og høgt tempo

Vi tilbyr:

  • Varierte og spennande arbeidsoppgåver i eit aktivt og positivt arbeidsmiljø
  • Lokalt tillegg på kr 20 000 for helsefagarbeidarar og omsorgsarbeidar med fagbrev.
  • Tilsette som inngår individuell avtale om å arbeide to ekstra helger per halvår, som vert innarbeidd i årsturnus, får utbetalt ein bonus. Utbetalinga kjem i tillegg til ordinær løn etter faktisk arbeidd ekstra helg.
  • Arbeid 35,5 t/veke, helg og natt
  • Pensjonsordning i KLP
  • Flyttegodtgjersle, jf. personalhandbok for Askvoll kommune

 

Mangfaldige Askvoll

Askvoll kommune består av om lag 3.000 innbyggjarar med eigne historier og perspektiv. For å tilby teneste til alle, må dei tilsette i Askvoll kommune reflektere den breidda vi har i befolkninga. Vi veit at kompetanse og eigenskapar kan komme i mange ulike formar, og vil gjerne høyre frå deg som meiner du har noko å tilby i denne jobben. 

 

Tilsetjing skjer på dei vilkår og med dei plikter som til ei kvar tid går fram av gjeldande lover, reglar og tariffavtalar. Askvoll kommune legg vekt på mangfald på arbeidsplassen og oppfordrar kvalifiserte kandidatar til å søkje - uavhengig av alder, seksuell orientering, kjønn og kjønnsidentitet, funksjonsnedsetting og nasjonal eller etnisk bakgrunn. Arbeidsvilkåra kan bli tilrettelagde for personar med nedsett funksjonsevne.

Politiattest av ny dato må leggast fram ved tilsetjing.

Vi gjer merksam på at søkjarar kan verte offentleggjort (offentleg søkjarliste). Søknadar om å verte unnateke offentlegheita må grunngjevast, og vert vurdert fortløpande. Dersom det ikkje er særlege grunnar for å unnta offentleggjering, vil søkjaren bli kontakta og få høve til å trekke søknaden sin før søkjarliste blir gjort offentleg.