Bedrift
Askvoll kommuneSøknadsfrist
05.01.2025Heltid/Deltid
DeltidAnsettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
6980, ASKVOLL
ASKVOLL
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
5967098Se her for andre jobber fra Askvoll kommune
Askvoll kommune
Helsefagarbeidar/omsorgsarbeidar 30% fast stilling ved bu- og miljøtenesta - Markatunet - Utvida søknadsfrist
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Ved Bu- og miljøtensta - Markatunet i Askvoll kommune har vi frå snarast ledig 30% fast stilling som helsefagarbeidar/omsorgsarbeidar på natt.
Vi ser etter deg som har helse-, sosialfagleg eller annan relevant utdanning og som vil vere med å påverke og utvikle det faglege innhaldet på arbeidsplassen. I Askvoll kommune er vi opptatt av at tenestene skal vere fagleg gode og medverke til god livskvalitet hos våre tenestemottakarar. Markatunet består av 8 nye bueiningar for personar med ulike funksjonsnedsettingar. Bebuarane er i alderen 18-60 år og har ulike utfordringar og diagnosar, derfor treng vi fagpersonar med god kompetanse og som ser behova i heilskap. Den tilsette vil ha eit tett samarbeid med andre aktørar innanfor helse- og omsorgssektoren.
Arbeidsoppgåver:
- Direkte tenesteyting i samsvar med vedtak, tiltaksplanar og rutinar
- Kartlegge behov, iverksette og evaluere tiltak
- Utføre oppgåver i samsvar med gjeldande krav til kvalitet og lovverk
- Tverrfagleg samarbeid
- Medverke til fagutvikling i seksjonen
- Medverke til utvikling av godt arbeidsmiljø
- Medisinansvar etter kompetanse
- Rettleiing av kollegaer, brukarar, pårørande, studentar og elevar· Rettleiing av kollegaer, brukarar, pårørande, studentar og elevar
- Etaten nyttar Acos CosDoc som dokumentasjonsverktøy, og naudsynt opplæring vil bli gjeve
Kvalifikasjonar:
- Autorisasjon som helsefagarbeidar/ omsorgsarbeidar.
- Ved mangel på kvalifiserte søkarar kan andre med relevant utdanning/erfaring bli mellombels tilsett
- God norskkunnskap, både skriftleg og munnleg
- Den som blir tilsett må ha førarkort, det er fordel om du disponerer bil
- Det er krav om framlagd politiattest før oppstart
Personlege eigenskapar:
- Ha gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
- Er positiv, fleksibel og fagleg engasjert
- Ha evne til å samhandle og arbeide tverrfagleg
- Like utfordringar og er løysingsorientert
- Kan møte menneske i ulike livssituasjonar og med ulike behov på ein verdig og respektfull måte
- Likar å være aktiv
- Ha evne til å handtere tidvis travle periodar og høgt tempo
Vi tilbyr:
- Varierte og spennande arbeidsoppgåver i eit aktivt og positivt arbeidsmiljø
- Lokalt tillegg på kr 40 000,- over garantiløn etter tariff for vernepleiarar og sjukepleiarar, og 20 000 for fagarbeidarar/omsorgsarbeidarar med fagbrev
- Fagarbeidarar utan fagbrevet som er kravd men som har fagbrev på anna fagområde, vert plassert i stillingskode som assistent men løna som fagarbeidar ihht. tariff, jf. lønspolitisk plan
- Tilsette som inngår individuell avtale om å arbeide to ekstra helgar per halvår, og vert innarbeidd i årsturnus, får utbetalt ein bonus. Utbetalinga kjem i tillegg til ordinær løn etter faktisk arbeidd ekstra helg.
- Avtale om utdanningsstipend for sjukepleiestudentar på til saman kr. 210.000,-
- Avtale om signeringsstipend på kr. 75 000, mot eit års bindingstid for vernepleiarar og sjukepleiarar (gjeld ikkje for dei som har fått utdanningsstipend)
- Pensjonsordning i KLP
- Flyttegodtgjersle, jf. personalhandbok for Askvoll kommune
- Arbeid etter 35,5 t/veke og på helg
Mangfaldige Askvoll
Askvoll kommune består av om lag 3.000 innbyggjarar med eigne historier og perspektiv. For å tilby teneste til alle, må dei tilsette i Askvoll kommune reflektere den breidda vi har i befolkninga. Vi veit at kompetanse og eigenskapar kan komme i mange ulike former, og vil gjerne høyre frå deg som meiner du har noko å tilby i denne jobben.
Tilsetjing skjer på dei vilkår og med dei plikter som til ei kvar tid går fram av gjeldande lover, reglar og tariffavtalar. Askvoll kommune legg vekt på mangfald på arbeidsplassen og oppfordrar kvalifiserte kandidatar til å søkje - uavhengig av alder, seksuell orientering, kjønn og kjønnsidentitet, funksjonsnedsetting og nasjonal eller etnisk bakgrunn. Arbeidsvilkåra kan bli tilrettelagde for personar med nedsett funksjonsevne.
Politiattest av ny dato må leggast fram ved tilsetjing
Vi gjer merksam på at søkjarar kan verte offentleggjort (offentleg søkjarliste). Søknadar om å verte unnateke offentlegheita må grunngjevast, og vert vurdert fortløpande. Dersom det ikkje er særlege grunnar for å unnta offentleggjering, vil søkjaren bli kontakta og få høve til å trekkje søknaden sin før søkjarlista blir gjort offentleg.
Tilsetjing skjer på dei vilkår og med dei plikter som til ei kvar tid går fram av gjeldande lover, reglar og tariffavtalar.
Askvoll kommune legger vekt på mangfald på arbeidsplassen og oppfordrar kvalifiserte kandidatar til å søkje - uavhengig av alder, seksuell orientering, kjønn og kjønnsidentitet, funksjonsnedsetting og nasjonal eller etnisk bakgrunn. Arbeidsvilkåra vert tilrettelagde for personar med nedsett funksjonsevne.
Vi gjer merksam på at søkjarar kan verte offentleggjort (offentleg søkjarliste). Søknadar om å verte unnateke offentlegheita må grunngjevast, og vert vurdert fortløpande. Dersom det ikkje er særlege grunnar for å unnta offentleggjering, vil søkjaren bli kontakta og få høve til å trekke søknaden sin før søkjarliste blir gjort offentleg.
Bedrift
Askvoll kommuneSøknadsfrist
05.01.2025Heltid/Deltid
DeltidAnsettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
6980, ASKVOLL
ASKVOLL
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
5967098Se her for andre jobber fra Askvoll kommune
-
Miljøterapeut 100% fast stilling ved bu- og miljøtenesta - Markatunet - Utvida søknadsfrist
Askvoll kommune
ASKVOLL -
Helsefagarbeidar på natt 100% fast stilling ved Askvoll omsorgssenter - Solstova/Rask - 2. gongs utlysing
Askvoll kommune
ASKVOLL -
Helsesjukepleiar - 100% fast stilling ved Askvoll helsestasjon - 2. gongs utlysing
Askvoll kommune
ASKVOLL -
Tilkallingsvikarar og helgevikarar - Omsorgsetaten
Askvoll kommune
ASKVOLL -
Undervisningsstillingar ved Askvoll skule
Askvoll kommune
ASKVOLL