Bedrift
Sunnfjord kommuneSøknadsfrist
28.04.2024Ansettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
6800, FØRDE
SUNNFJORD
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
5682650Se her for andre jobber fra Sunnfjord kommune
Utgått annonse
Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert
Sunnfjord kommune
Helsefagarbeidar i turnus med langvakter
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Førde bu- og miljøteneste, eining 3, yt døgnkontinuerleg tenester til personar med psykisk utviklingshemming som treng langvarige og koordinerte tenester. Dette inneber støtte og opplæring knytt til dagleglivet sine funksjonar som hygiene, ernæring og sosiale ferdigheiter. Støtta inneber også hjelp til å handtere og meistre somatiske og psykiske vanskar.
Vi har ledig 80 % vikariat som helsefagarbeidarStillinga er i turnus med langvakter, med arbeid 3. kvar helg.
Vikariatet er førebels til 31.12.24, men det er moglegheit for forlenging.
Arbeidsoppgåver:- yte god omsorg for brukarane våre
- oppfølging av brukarar med fokus på aktivisering, miljøterapi og daglege gjeremål
- bidra til å skape ein trygg atmosfære med omsorg, støtte, struktur og gode grenser for kvar enkel brukar
- praktiske oppgåver og førefallande arbeid
- oppgåver knytt til primærkontakt
- tett samarbeid med pårørande, verje og andre tverrfaglege instansar
- norsk autorisasjon som helsefagarbeidar
- førarkort kl. B, manuell gir
- meistre godt norsk både munnleg og skriftleg
- evne til samspel med brukarar, pårørande, kollegaer og andre vi samarbeider med
- vere ein trygg og tydeleg vaksen person som set grenser på ein omsorgsfull måte
- vil bidra positivt til eit fagleg og kollegial godt miljø
- er punktleg og påliteleg
- trivast i ein aktiv kvardag og har evne til endring
- syner fagleg tryggleik, tillit og respekt
- er løysingsorientert og fleksibel
- kan jobbe sjølvstendig og trivast med å jobbe aleine då mange av vaktene er 1-1 oppfølging
- er i stand til å ta i mot rettleiing frå leiar og ansvarshavande
- er god på tverrfagleg samarbeid
- har kapasitet til å arbeide langvakter og sovande nattevakter
Personlege eigenskapar vert vektlagt.
Vi tilbyr:- god opplæring
- høgt fagleg nivå med varierande utfordringar
- ein god arbeidsplass med inkluderande miljø der folk trivast på jobb
- gode pensjons- og forsikringsordningar
Du søker elektronisk. Politiattest av nyare dato må leverast før start i stilling.
Velkomen som søkar, vi ser fram til å høyre frå deg.
Bedrift
Sunnfjord kommuneSøknadsfrist
28.04.2024Ansettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
6800, FØRDE
SUNNFJORD
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
5682650Se her for andre jobber fra Sunnfjord kommune