• Företag
    Kvam Herad
  • Ansökningstiden
    08.04.2026
  • Heltid/Deltid
    Deltid
  • Anställningsform
    Permanent
  • Bransch
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utbildningskrav
    Spesiell sertifisering
  • Arbetserfsrenhet
    Ønskelig
  • Adress
    5600, NORHEIMSUND
    KVAM
    Norge
  • Antal befattningar
    2
  • Karriere-kod
    6562654
  • Se här för andra jobb från Kvam Herad
Ledigt jobb

Kvam Herad

Natt-tenesta i Kvam

Helsefagarbeidar i natt-tenesta

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Vil du jobba med oss i natt-tenesta?

Me gjev tenester til pasientar og brukarar i heildøgnsomsorg, i heimetenesta og til menneske med utviklingshemming. Gruppa jobbar fleksibelt og samarbeider på tvers av dei ulike gruppene i heile kommunen, Øystese -Norheimsund - Strandebarm 

Me søkjer helsefagarbeidarar til to faste stillingar. Stillingane er ledige frå snarast.

  • 50 % fast stilling med arbeid 3.kvar helg
  • 60 % fast stilling med arbeid 2.kvar helg  

Skriv i søknaden din kva stilling du søkjer på.

Arbeidsoppgåver

Omsorgsoppgåver som stell og pleie i heimetenesta, ved heildøgns omsorg og i omsorgsbustad

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som helsefagarbeidar. Dersom det ikkje søkjer helsefagarbeidarar kan søkjarar med relevant erfaring frå pleie og omsorg bli vurdert for vikariat 
  • Du må ha sertfikat klasse B 
  • Du må ha gode norskkunnskapar, både skriftleg og munnleg, tilsvarande B2
  • Du må kunna arbeida sjølvstendig og i team
  • I natt-tenesta er me avhengig av eit godt tverrfagleg samarbeid mellom tenester og kollegaer og me søkjer difor etter ein fleksibel, engasjert og løysingsorientert helsefagarbeidar
  • Alle som yter tenester etter Helse og omsorgslova skal levera politiattest. Den som vert tilsett må derfor legga fram politiattest av ny dato, denne skal ikkje leggast ved søknaden. 

Ber om at du legg inn vitnemål og attestar saman med søknaden i Webcruiter.

Personlege eigenskapar

Me søkjer deg som:

  • Tek ansvar og likar ei utfordring
  • Har lyst til å utvikla deg fagleg
  • Du likar ein variert arbeidskvardag med spanande utfordringar
  • Møter andre på ein respektfull og open måte

Me tilbyr

  • Eit godt arbeidsmiljø, på ein arbeidsplass som er i utvikling
  • Hjå oss får du moglegheit til fagleg utvikling
  • Du får øvd opp vurderingskompetansen din og brukt kunnskapen din i samspel med pasientar i ulike livsfasar
  • Løn etter gjeldande tariffavtale og lokalt lønssystem
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar

 Generell informasjon:

  • Søknadar må sendast via Webcruiter for å verta registrert på utlysingssaka
  • I Kvam herad er det offisielle styringsmålet nynorsk. Alle tilsette i alle kommunale organ pliktar å nytta nynorsk skriftspråk i tenesta
  • Me gjer merksam på at etter offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teke til følgje, vert søkjaren varsla om dette.

Den kommunale organisasjonen skal i størst mogleg grad spegla mangfaldet i folkesetnaden. Målet er difor å oppnå ei balansert samansetjing når det gjeld alder, kjønn og kulturell bakgrunn. Kvam herad ønskjer å inkludera og leggja til rette for personar med nedsett funksjonsevne.   

 

  • Företag
    Kvam Herad
  • Ansökningstiden
    08.04.2026
  • Heltid/Deltid
    Deltid
  • Anställningsform
    Permanent
  • Bransch
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utbildningskrav
    Spesiell sertifisering
  • Arbetserfsrenhet
    Ønskelig
  • Adress
    5600, NORHEIMSUND
    KVAM
    Norge
  • Antal befattningar
    2
  • Karriere-kod
    6562654
  • Se här för andra jobb från Kvam Herad