Bedrift
Kvam Herad i BrønnøysundSøknadsfrist
17.11.2024Heltid/Deltid
DeltidAnsettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
ØnskeligArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
5600, NORHEIMSUND
KVAM
NorgeAntall stillinger
2karriere-kode
5941430Se her for andre jobber fra Kvam Herad i Brønnøysund
Utgått annonse
Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert
Kvam Herad i Brønnøysund
Helsefagarbeidar i natt-tenesta
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Vil du jobba med oss i natt-tenesta?
Me søkjer helsefagarbeidarar til to faste stillingar i natt- tenesta. Stillingane har oppgåver i heimetenesta, ved heildøgns omsorg og i omsorgsbustad.
- 75 % stilling ledig frå 02.01.2025
- 70 % stilling ledig frå 02.12.2024
Natt-tenesta gjev tenester til pasientar og brukarar i heildøgnsomsorg, i heimetenesta og til menneske med utviklingshemming. Gruppa jobbar fleksibelt og samarbeider på tvers av dei ulike gruppene. Natt-tenesta er organisert i Tenester til heimebuande.
Arbeidsoppgåver
Omsorgsoppgåver som stell og pleie i heimetenesta, ved heildøgns omsorg og i omsorgsbustad
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som helsefagarbeidar
- Du må ha sertfikat klasse B
- Du må ha gode norskkunnskapar, både skriftleg og munnleg, tilsvarande B2
- Du må kunna arbeida sjølvstendig og i team
- I natt-tenesta er me avhengig av eit godt tverrfagleg samarbeid mellom tenester og kollegaer og me søkjer difor etter ein fleksibel, engasjert og nytenkjande helsefagarbeidar.
Alle som yter tenester etter Helse og omsorgslova (gjeld ikkje matvertar) skal levera politiattest. Den som vert tilsett må derfor legga fram politiattest av ny dato, denne skal ikkje leggast ved søknaden.
Ber om at du legg inn vitnemål og attestar saman med søknaden i Webcruiter.
Personlege eigenskapar
Me søkjer deg som:
- Tek ansvar og likar ei utfordring
- Har lyst til å utvikla deg fagleg
- Du likar ein variert arbeidskvardag med spanande utfordringar
- Er fleksibel og løysingsorientert
- Møter andre på ein respektfull og open måte
Vi tilbyr
- Eit godt arbeidsmiljø, på ein arbeidsplass som er i utvikling
- Hjå oss får du moglegheit til fagleg utvikling
- Du får øvd opp vurderingskompetansen din og brukt kunnskapen din i samspel med pasientar i ulike livsfasar
- Løn etter gjeldande tariffavtale og lokalt lønssystem
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
Generell informasjon
Den kommunale organisasjonen skal i størst mogleg grad spegla mangfaldet i befolkinga. Målet er difor å oppnå ei balansert samansetjing når det gjeld alder, kjønn og kulturell bakgrunn.
Kvam herad ønskjer å inkludera og leggja til rette for personar med nedsett funksjonsevne. I Kvam herad er det offisielle styringsmålet nynorsk. Alle tilsette i alle kommunale organ pliktar å nytta nynorsk skriftspråk i tenesta.
Me gjer merksam på at etter offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teke til følgje, vert søkjaren varsla om dette
Bedrift
Kvam Herad i BrønnøysundSøknadsfrist
17.11.2024Heltid/Deltid
DeltidAnsettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
ØnskeligArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
5600, NORHEIMSUND
KVAM
NorgeAntall stillinger
2karriere-kode
5941430Se her for andre jobber fra Kvam Herad i Brønnøysund