Ledig stilling

Vaksdal kommune

Helsefagarbeidar i heimetenesta, på natt og seinvakt

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Eining helse og meistring i Vaksdal kommune ser etter helsefagarbeidar til fast stilling!

Det er ledig 71% fast stilling for helsefagarbeidar ved heimesjukepleien. Stillinga er på natt og ettermiddag, med arbeid kvar tredje helg. Stillinga kan kombinerast med 9% stilling i timebank, dersom søkjar er fleksibel og kan arbeide på kryss av avdelingane innan helse og meistring.

Om arbeidsstad

Heimesjukepleien har base på Dale, og dekkjer heile kommunen. Me skal leggje til rette for at flest mogleg kan bu lengst mogleg heime. Det gjer me gjennom å leggje til rette for eigenmeistring og sjølvstende, ved å byggje på brukaren sine eigne ressursar. Me har brukarar i alle alderstrinn, og arbeidskvardagen vår er allsidig og spanande.

Arbeidoppgåver er blant anna: Stell og pleie, oppfølging av ernæring og medisinar, gje støtte og vegleiing til brukar og pårørande, kvardagsrehabilitering, omsorg og pleie, palliasjon i heimen. Velferdsteknologi vert ein viktig del av oppfølging i heimetenesta i 2023.

Arbeidsoppgåver vil mellom anna vere

  • Stell og pleie med fokus på kvardagsmeistring
  • Medisinsk oppfølging ut frå kompetanse
  • Kontakt og samarbeid med pårørande

Krav til kompetanse

  • Helsefagarbeidar, eller anna relevant fagbrev
  • Krav om godkjend politiattest
  • Må ha førarkort klasse B

Personlege eigenskapar: 

  • Du må trivast i eit lite arbeidsmiljø, med nattarbeid og fungere godt i teamarbeid
  • Du må vere trygg på deg sjølv, ta ansvar på vakter og kunne gå aleine til brukarar, også på natt
  • Du er kreativ og engasjert, med evne til å arbeide på nye og innovative måtar
  • Gode kommunikasjonsferdigheiter og evne til samarbeid i eit tverrfagleg perspektiv. Evnar å sjå heilskapen mellom dei ulike avdelingane og arbeidet som vert gjort
  • Du er fagleg trygg, modig og raus - og evnar å gjere tenesta, tilsette og brukarar gode
  • Løysingsorientert og fleksibel, med stor evne til gjennomføring
  • Generelt gode datakunnskapar

Personlege eigenskapar vert vektlagt, særskilt evne til å arbeide sjølvstendig og å vera fagleg trygg.     

Vaksdal kommune kan tilby

  • Me har godt arbeidsmiljø, dyktige folk i tenesta og gode ordningar for vidareutdanning og kompetanseheving
  • Me gjev utteljing på lønn for relevant vidareutdanning
  • Hos oss får du faglege og personlege utfordringar, og du får moglegheit til å utvikle deg saman med oss
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Individuell oppfølging
  • Løn i tråd med tariffavtaleverk

Slik søkjer du
Klikk på "send søknad" og følg vidare instruksjonar.
Har du søkt på stilling i Vaksdal via EasyCruit før er brukarnamn ofte e-posten du brukte. Har du ikkje søkt via EasyCruit i Vaksdal, må du opprette brukarnamn og passord.
Treng du hjelp, kan du venda deg til HR-rådgjevar: på e-post tiril.h.langhelle@vaksdal.kommune.no eller tlf 95 52 75 04