• Bedrift
    Ål Kommune
  • Søknadsfrist
    05.09.2024
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Offentlig forvaltning
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    3570, ÅL
    ÅL
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    5618356
  • Se her for andre jobber fra Ål Kommune
  • Oppdatert 16.08.2024
Ledig stilling

Ål Kommune

Helsefagarbeidar 100% fast i heimetenesta

Offentlig forvaltning

Evnar du å gje tryggleik gjennom god, fagleg omsorg? Vil du yte det vesle ekstra og er samtidig fleksibel, samarbeidsvillig og har evne til nytenking? Har du lyst å vere med å vidareutvikle tenester med høg fagleg kvalitet med fokus tverrfagleg arbeid, brukarmedverknad, pårørandestøtte og gode meistringstilbod? Er du serviceinnstilt og trivs med ein travel kvardag?

Då vil vi ha deg med i laget - anten du har erfaring eller du er nyutdanna - her hjå oss får du god opplæring og rettleiing!

Arbeidsoppgåver

  • gje heilskapleg og individuell omsorg gjennom tett tverrfagleg samarbeid
  • tett og godt samarbeid med pasientar og pårørande
  • vere aktiv pådrivar for å skape godt fagmiljø og samarbeid mellom faggrupper
  • kontinuerleg forbetrings- og utviklingsarbeid
  • sekundær for opptil 12 brukere 

Kvalifikasjonar:
Vi søkjer deg som har autorisasjon som helsefagarbeidar eller hjelpepleiar, gjerne med relevant tilleggsutdanning. Du har, eller er villig til å skaffe deg godkjent kurs i medikamenthandtering. Du beherskar godt norsk, både munnleg og skriftleg.

Personlege eigenskapar:
Vi ser etter deg med solid fagkunnskap, som tek initiativ og føler stort ansvar for arbeidsoppgåvene. Arbeidet er variert med spennande arbeidsoppgåver i eit godt fagmiljø. Yter du det vesle ekstra, er fleksibel og samarbeidsvillig? Då er du den vi er ute etter!
Personleg eigenskapar vert tillagt stor vekt.

Vi tilbyr:

  • todelt turnus (eigen nattevaktsturnus)
  • 4.hver helg 12,5 timars vakter
  • fagleg spennande, utfordrande og varierte arbeidsoppgåver
  • høgt fagleg nivå og god fagdekking
  • høve til fagleg og personleg utvikling
  • internundervisning og fegleg påfyll
  • hjelp til å skaffe bustad
  • lønn og arbeidsvilkår i samsvar til lov og avtaleverk, samt rekrutteringstillegg
  • pensjonsordning i KLP

Søknad og politiattest:

  • vitnemål og attestar legg du inn saman med søknaden
  • den som vert tilsett må legge fram politiattest ikkje eldre enn tre månadar
  • intervju og tilsetjing kan skje fortløpande i søknadsperioden
  • kommunen følgjer offentleglova § 25 ved eventuell offentleggjering av søkjarlista

Velkomen som søkjar!

 

  • Bedrift
    Ål Kommune
  • Søknadsfrist
    05.09.2024
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Offentlig forvaltning
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    3570, ÅL
    ÅL
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    5618356
  • Se her for andre jobber fra Ål Kommune
  • Oppdatert 16.08.2024